Stiftelsestilsynet ønskjer å dele og utveksle kunnskap med stiftelsessektoren i Noreg. Eit tiltak for dette er Stiftelseskonferansen som blir arrangert 9. - 10. april 2019 i Førde.

Samarbeid i konkurransen – stiftelsar inn i framtida, er tema for Stiftelseskonferansen 2019. Konferansen blir arrangert 9-10. april 2019 på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa i Førde.

Stiftelseskonferansen

Målet vårt er at både private og offentlege aktørar skal kjenne godt til stiftelsesforma og kva moglegheiter og avgrensingar som ligg i denne organisasjonsforma. I eit samfunn med raske endringar, kan stiftelsar representere kontinuitet og varige verdiar. Men stiftelsar må også ta stilling til korleis dei best kan få ut potensialet til stiftelsen. Vi treng alle å orientere oss mot framtida.

Stiftelseskonferansen handlar om å lære av kvarandre, få god kunnskap og utvikle seg.

Målgruppe

Målgruppa for Stiftelseskonferansen er først og fremst styremedlemmar og dagleg leiing i stiftelsar, men den er også aktuell for andre som arbeider med eller har interesse for stiftelsar.

Program og påmelding

Sjå konferanseprogrammet.

Meld deg på konferansen

Her kan du lese ei kort oppsummering frå Stiftelseskonferansen 2017.