Ekstra stor saksmengde

Stiftelsestilsynet har for tida ekstra stor saksmengde og ein pressa bemanningssituasjon. Det betyr at vi ikkje klarer å handsame alle saker innanfor den vanlege fristen på fire veker.

Lenger sakshandsamingstid

Stiftelsane og våre andre brukarar må difor rekne med lenger sakshandsamingstid ei tid framover, og for nokre sakstypar inntil åtte veker.

Vi minner elles om at dersom all dokumentasjon som blir kravd ligg ved ein søknad i utgangspunktet, vil det påverke sakshandsamingstida positivt.

Sjekk oversikten vår over hjelpeskjema og malar.