Dersom ein organisasjon disponerer eit bygg, anlegg eller eigedom som er til utleige, skal organisasjonen gjere frådrag for kostnader knytt til utleige og utleigeobjektet. Frådraget skal og gjerast ved framleige/vidareutleige.

Frådraget kan bereknast på fleire måtar, for eksempel på bakgrunn av størrelsen på det utleigde arealet, tal utleigedagar eller inntekter. Det viktige er å finne eit estimat som reflekterar dei faktiske forholda på ein god måte.

Dersom du leiger ut til andre ledd eller aksjeselskap i same organisasjon som kjem innanfor målgruppa for ordninga, så skal du etter ny forskrift gjere frådrag for kostnader knytt til utleige og utleigeobjektet.

Nokre eksempel:

  • Ein frivillig organisasjon eig eit bygg, der eine halvdelen blir nytta av organisasjonen sjølv og den andre leigd ut. Den frivillige organisasjonen dekker alle kostnader til drift- og vedlikehald av sjølve bygget. I dette tilfellet skal halvparten av alle drifts- og vedlikehaldskostnader knytt til bygget trekkast ut av søknadsgrunnlaget.
  • Eit grendelag leiger ut grendahuset til konfirmasjonar, bryllaup og andre tilstellingar. Grendelaget må gjere frådrag for kostnader knytt til dei utleigde lokala. De kan bruke skjønn i vurderinga, men hugs å ta omsyn til vedlikehaldskostnader, straum, kommunale avgifter, reinhald osv. Dersom de har heilt sporadisk utleige til enkeltarrangement, kan de sjå vekk i frå dette frådraget.