Hensikta med denne posten er at du ikkje skal kunne få kompensert mva-kostnader gjennom momskompensasjonsordninga, som du heller ikkje kan få refundert gjennom det ordinære mva-systemet.

Meir om mva-lova § 8-3 første ledd

Lova seier at frådragsretten ikkje omfattar inngåande meirverdiavgift på

  1. servering
  2. kostnader vedrørande leige av selskapslokale i samband med servering
  3. kunst og antikvitetar, med mindre kjøparen omsetter varer av same slag i siverksemd
  4. kost til og naturalavløning av verksemdas innehavar, leiing, tilsette og pensjonistar
  5. representasjon
  6. gåver og varer og tenester til utdeling i samband med reklame når verdien ikkje er bagatellmessig, likevel slik at det er frådragsrett for varer dersom dei  blir utført til bruk utanfor meirverdiavgiftsområdet
  7. oppføring, vedlikehald, innleige og drift av fast eigendom som skal dekke bustad- eller velferdsbehov, herunder lausøyre og utstyr til slike eigendomar. Det er likevel frådragsrett for inngåande meirverdiavgift på oppføring og vedlikehald av bedriftskantiner, under dette laust inventar til bedriftskantiner.

Spesielt om servering

Det blir ikkje gitt kompensasjon for kostnader knytt til servering. Dette gjeld all servering uavhengig av føremålet. Vidare blir det ikkje gitt kompensasjon for kostnader til leige av selskapslokaler i samband med serveringa.

Det vert gitt kompensasjon for kostnader til leige av lokaler i dei tilfelle der det ikkje foregår servering i møtelokalet. Dette inkluderer årsmøte, landsmøte, samlingar, opplæringsverksemd osv.

Rettleiing til lova

Skatteetaten gir utfyllande informasjon om § 8-3 i Meirverdiavgiftshandboka.

Meir om mva-lova § 8-4 første ledd

Lova seier at frådragsretten ikke omfattar inngående meirverdiavgift på kjøp, drift og vedlikehald av personkjøretøy. Det er likevel frådragsrett for inngåande meirverdiavgift på personkjøretøy til bruk som

  1. a) salsvare
  2. b) utleigekjøretøy i  utleigeverksemd i samband med yrke
  3. c) middel til å transportere personar mot vederlag i persontransportverksemd

Rettleiing til loven

Skatteetaten gir utfyllande informasjon om § 8-4  i Meirverdiavgiftshåndboken.