Dokumentasjon

Søkarane må kunne dokumentere at frivillig innsats er ein viktig del av verksemda i ledd det blir søkt om momskompensasjon for. Gratis arbeidsinnsats, medlemskontingent og gåver blir likestilt når det gjeld krav til frivillig innsats. Gratis styreinnsats blir vurdert som frivillig innsats, men blir ikkje vurdert til å tilfredsstille kravet til frivillig innsats åleine.

Det må ikkje vere for tette band mellom kontingent, gåver eller gratis arbeidsinnsats og gjenytingar.

Dette har som følge at treningsavgift, medlemsavgift, deltakaravgift, eigenandelar og liknande som det er knytte gjenytingar til, ikkje blir sett på som kontingent eller gåve ved til vurdering av frivillig innsats.

Arbeidsinnsats og naturalia

For eksempel vil ikkje medlemsavgift som er for tett knytt til konkrete medlemsfordeler som rabattar, fordeler og liknande, bli sett på som kontingent når vi vurderer kravet til frivillig innsats.

«Frivillig» arbeidsinnsats som blir løna med naturalia som for eksempel festivalpass/billettar, kan bli vurdert som ikkje-frivillig innsats. Av betydning er relativt omfang av gjenytinga og denne sin verdi i den frivillige innsatsen.

Forma på gjenytinga kan vere både direkte og indirekte. Eit eksempel er oppsetting av gatelys i et buområde. Her kan eigar av bustadar i området få direkte nytte av vedlikehaldet, og/eller at verdien av den private eigedomen aukar.

Det skal mykje til før gratis overtid og «dårlege lønsvilkår» for dei tilsette tel som frivillig innsats.