Ny Forskrift for merverdiavgiftskompensasjon til frivillige organisasjoner er vedtatt av Kulturdepartementet. Denne gjaldt frå søknadsåret 2019. Departementet har gjort fleire justeringar for å gjere ordninga enklare for organisasjonane, samtidig som endringane skal sikre at midlane går til lag og foreiningar med frivillig aktivitet. Endringane skal mellom anna bidra til at små organisasjonar samla sett vil få litt meir midlar gjennom ordninga.

Viktige endringar i forskrifta som gir effekt frå søknadsåret 2019

  • NB! mottakarar (også lokalledd, regionalledd og aksjeselskap) må vere registrert i Frivilligregisteret innan søknadsfristen.
    Sjå meir informasjon om Frivilligregisteret m.m.
  • i den samla søknaden (reknearket) frå sentralledd og enkeltståande søkjar med aksjeselskap skal organisasjonsnummer og juridisk namn på alle underledd og aksjeselskap oppgjevast
  • krav om eigenerklæringsskjema som dokumenterer frivillig innsats for aksjeselskap
  • krav om føring av separate rekneskap for verksemder som blir ramma av EØS-avtalens reglar om offentleg støtte
  • presisering av at det skal gjerast frådrag for alle kostnader i utlandet (dette gjeld søkjarar, underledd og aksjeselskap med 5. mill. kroner eller meir i totale driftskostnader)
  • kostnader til utleige i eigen organisasjon skal trekkast frå søknadsgrunnlaget for å unngå dobbeltkompensasjon
  • presisering av at kompensasjon ikkje skal komme privatøkonomiske-, offentlege-, eller næringsinteresser til gode
  • presisering av at Den Norske Kyrkja, dei kyrkjelege fellesråda, sokneråda og organisasjonar og verksemd som kjem desse til gode, eller dei som dei kan legge føringar for, ikkje kan få momskompensasjon
  • det blir ikkje gitt momskompensasjon til organisasjonar som er lukka, eller til verksemd som kjem ein lukka krets til gode, gir privatøkonomiske fordeler, eller dekker det som normalt blir rekna for å vere kostnader av privat karakter
  • endring i berekningsmodell – betyr ei omfordeling der små organisasjonar samla sett får litt meir, og store organisasjonar samla sett får litt mindre
  • redusert minstegrense frå 200 000 kroner til 100 000 kroner i driftskostnader som kjem innanfor ordninga i forenkla modell
  • redusert minstegrense frå 14 000 kroner til 7 000 kroner i søknadsberettiga meirverdiavgiftskostnader i dokumentert modell
  • felles grense på 5 mill. kroner i driftskostnader for krav om revisjon av årsrekneskapen av registrert eller statsautorisert revisor
  • felles grense på 5 mill. kroner i driftskostnader før det er krav om å gjere frådrag etter § 7 (gjeld forenkla modell)
  • krav om revisorrapport på den samla søknaden frå sentralledd og enkeltståande som søkjer på vegner av aksjeselskap fell bort dersom desse samla sett har driftskostnader under 5 mill. kr.