Her finn du reglar og rettleiing for å søkje momskompensasjon.

Reglane for momskompensasjon er fastsatt i forskrift om meirverdiavgiftskompensasjon for frivillige organisasjoner vedteke av Kulturdepartementet. Kravet i § 6 tredje ledd om bindingstid ved val av søknadsmodell gjeld ikkje inntil vidare.

Kompensasjon du ikkje har krav på, eller for mykje utbetalt kompensasjon, vil bli krevd tilbakebetalt i samsvar med forskrifta. Mva-kompensasjon som er tildelt konkurransevridande verksemd, kan krevjast tilbake i inntil 10 år i samsvar med EØS-avtalen.

I tillegg til forskrifta har Kulturdepartementet laga to skriv som utdjuper korleis forskrifta skal tolkast på nokre område:

Rettleiing til frådragsposter

Rettleiing til dei enkelte frådragspostane finn du høvesvis på sidene
om dokumentert modell og om forenkla modell.

Du kan også lese alle rettleiingane samla i eitt felles dokument.
(OBS: dette dokumentet finns berre i bokmåls-versjon).