I den forenkla modellen reknar vi ut momskompensasjon med utgangspunkt i organisasjonens totale driftskostnader, som de hentar frå revidert og godkjent rekneskap eitt år tilbake i tid. Det vil seie at for 2016 tek de utgangspunkt i dei totale driftskostnadene i det reviderte rekneskapet for 2015. De må trekke frå eventuelle finanspostar. Hvis de har avvikande rekneskapsår, er det siste godkjente regnskap som skal leggast til grunn.

Etter at de har gjort avgrensningar og frådrag (sjå nedanfor), kjem de fram til eit søknadsgrunnlag. Dette grunnlaget skal   for å komme fram til sjølve søknadsbeløpet.

Driftskostnadane, avgrensingane og eventuelle frådragsposter legg de inn i reknearket vi har laga (vedlegg B2). Ut frå tala de legg inn, vil reknearket berekne søknadsbeløpet dykkar. Tala som kjem fram i reknearket skal de føre over i søknadsskjemaet.
OBS: Lokal- og regionallag kan ikkje søkje sjølv, men må søkje via eit sentralledd, les meir her.

Kostnader som ikkje gir rett til kompensasjon

Alle som søkjer om momskompensasjon må gjere frådrag for nokre variantar av driftskostnader. Frådraga må de gjere uansett om de brukar forenkla modell eller dokumentert modell. Kostnader det skal gjerast frådrag for er:

  • Kostnader som fell utanfor den frivillige og ikkje-fortenestebaserte delen av organisasjonen, sjå rettleiing 1.
  • Kostnadsførte nybygging, påbygging og ombyggingskostnader for bygg, anlegg og anna fast eigedom, sjå rettleiing 2.
  • Avskrivningar på bygg, anlegg og anna fast eigedom, .
  • Drifts- og vedlikehaldskostnader som gjeld bygg, anlegg eller anna fast eigedom for utleige (unntatt utleige til andre ledd i same organisasjon som også er innanfor målgruppa til ordninga), sjå rettleiing 4.
  • Kostnader knytt til anleggsprosjekt som vert omfatta av ordninga om mva-kompensasjon ved bygging av idrettsanlegg (spelemiddelanlegg), .

Hvis det ikkje tydelig går fram av rekneskapet korleis frådragspostane er vurdert og berekna, må de lage ei oppstilling som dokumenterer korleis de har kome fram til tala.

Om organisasjonen også driv verksemd som fell utanfor ordninga, må de sjølv gjere avgrensningar eller økonomiske skiljelinjer i organisasjonen. Hvis de ikkje gjer ei slik avgrensing, kan de etter ei totalvurdering få avslag på søknaden.

Frådrag som nokre søkarar må gjere i tillegg

Dette er frådrag som gjeld alle sentralledd og aksjeselskap. Det gjeld også underledd som har meir enn fem millionar kroner i driftskostnader og enkeltståande søkarar som har meir enn ein million kroner i driftskostnader.

  • Kontantoverføring utland, .
  • Lønnskostnader knytt til personell stasjonert i utlandet, .
  • Totale driftskostnader knytt til meirverdiavgiftspliktig verksemd, .
  • Overføringar til ande organisasjonar, eller overføringar mellom ledd i same organisasjon .
  • Totale driftskostnader knytt til verksemd som er kompensasjonsberettiga gjennom lov om kompensasjon av meirvediavgift for kommune, fylkeskommune m.v..

Dokumentasjon av frådrag og avgrensingar

Om det ikkje tydeleg kjem fram av rekneskapen korleis frådragspostane er vurdert og berekna, så må de lage ei oppstilling som dokumentar korleis de har kome fram til tala.

Dersom organisasjonen også driv verksemd som fell utanfor ordninga, må de sjølv gjere avgrensningar på kva kostnader som skal vere med i søknaden. De kan for eksempel ta utgangspunkt i organisatoriske eller økonomiske skiljelinjer i organisasjonen. Hvis de ikkje gjer ei slik avgrensing, kan de etter ei totalvurdering få avslag på søknaden.

Minstegrense

Minstegrensa for å kunne søkje etter forenkla modell er 200 000 kroner i søknadsgrunnlag. Det vil seie 200 000 kroner i driftskostnader etter at frådraga er gjort. Denne grensa gjeld ikkje for underledd.

Revisor

Alle søkarar skal ha revidert rekneskap. Søkarar med under fem millionar kroner i totale driftskostnader, kan bruke . Alle andre må bruke ein registrert-, kommune-, eller statsautorisert revisor.

Sentralledd, samt søkarar med over fem millionar kroner i totale driftskostnader, må også levere revisorrapport basert på «ISRS 4400 – Avtalte kontrollhandlinger» frå registrert-, kommune-, eller statsautorisert revisor.

Gå til vedleggs-info og søknadsskjema – forenkla modell