Det er innført ein ny permanent modell for fordeling av Norsk Tippings overskot til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar.

Ny modell

Ny forskrift om tilskudd til samfunnsnyttige og humanitære organisasjoner fra spilleoverskuddet til Norsk Tipping, vart gjort gjeldande frå 7. mai 2018. Frå same tidspunkt vart forskrift av 12. juni 2009 nr. 640 oppheva.

Dei viktigaste endringane i forskrifta er:

  • Søkjar må ha eit fordelingsgrunnlag på minimum 10 millionar kroner.
  • For at organisasjonar som er registrert i ICNPO 7100 interesseorganisasjonar skal kunne få tilskot må ein sentral del av organisasjonen si verksemd falle inn under ein av dei godkjende kategoriane (sjå forskrifta § 4).
  • For å bli vurdert som landsdekkande må eit sentralledd eller ein sentralorganisasjon ha tilknytta underledd eller avdelingar med jamnleg regional og lokal aktivitet i minst fire av fem landsdelar i Norge.

Tilskotsordninga skal bidra til å trygge viktige samfunnsoppgåver på områda helse, sosiale tenester, krisehjelp, støttearbeid, natur- og miljøvern og dyrevern, i tillegg til å sikre at sentrale rednings- og beredskapsoppgåver blir videreført.

Overgangsordning ut 2018

Overgangsordninga for organisasjonar med automatinntekter i 2001 blir forlenga med eitt år, ut 2018. Dei tre beredskapsorganisasjonene Røde Kors, Redningsselskapet og Norsk Folkehjelp inngår i ei permanent ordning frå 2018, med ein fast årleg prosentandel tilsvarande det tilskotet desse mottok i 2015.

Frist

Søknadsfristen var 1. september 2018.

Merk: I 2018 var 1. september ein laurdag, søknadsfristen var difor første verkedag etterpå: måndag 3. september kl 23:59.

Søkjer de om momskompensasjon i 2018?

Organisasjonar som har søkt eller kjem til å søkje om momskompensasjon for frivillige organisasjonar i 2018 (søknad gjeld for mva-kostnader i 2017) treng ikkje sende vedlegg på nytt, men berre fylle ut søknadsskjema. Organisasjonar som ikkje skal søkje om mva-kompensasjon i 2018, og som fyller vilkåra for denne ordninga må legge ved søknaden godkjend og signert årsmelding, rekneskap og revisjonsmelding. I tillegg må de legge ved utfylt eigenerklæring om frivillig verksemd.

Meir informasjon

Søknad

Søknad skal sendast til Lotteri- og stiftelsestilsynet, Storehagen 1b, Postboks 800, 6805 Førde
alternativt via e-post til: postmottak@lottstift.no

Spørsmål?

Ta kontakt:  postmottak@lottstift.no eller telf. 57 82 80 00.