Regjeringa sin handlingsplan

Eitt av måla i Regjeringens handlingsplan mot spilleproblemer for 2016-2018 er tidleg identifisering og god behandling for problematisk speleåtferd. Frivillige støttegrupper er eit viktig lågterskel hjelpetilbod til menneske som opplever speleproblem. Støttegrupper bidreg saman med hjelpeapparatet og offentlege myndigheiter med å førebyggje problem og redusere skadeverknader. I tillegg har også andre organisasjonar særleg aktivitetar innafor sine område med målsetjing om å hjelpe, førebyggje eller informere om speleproblem. Det er viktig at frivillige organisasjonar med god kjennskap til feltet kan setje i gang aktiviteter basert på eigne erfaringar.

Desse kan søke

Følgjande grupper kan søkje om drifts- og/eller prosjekttilskot:

  • Frivillige støttegrupper som har eit tilbod retta mot speleavhengige eller andre med problematisk speleåtferd.
  • Frivillige støttegrupper som har eit tilbod retta mot pårørande til speleavhengige
  • Andre organisasjonar som arbeider med problemstillingar knytta til speleavhengighetsproblematikk / problematisk speleåtferd.

Lotteritilsynet forvaltar ordninga, og søknadsfristen er 31. januar kvart år.

Tildeling i 2018

Desse organisasjonane fekk tildelt tilsaman kr 2.150.000 i 2018:

  • Spilleavhengighet Norge:  kr 1.600.000 (driftstilskot)
  • Tyrkisk barn og ungdoms organisasjon: kr 50.000 (prosjekttilskot)
  • Norsk forening for spillproblematikk: kr 200.000 (driftstilskot)
  • Norsk Parkinsonforbund: kr 100.000 (prosjekttilskot)
  • Forum for Oppvekst og Sosialpolitisk arbeid: kr 50.000 (prosjekttilskot)
  • Barnevakten: kr 150.000 (prosjekttilskot).

Tildeling i 2017

Desse organisasjonane fekk tildelt tilsaman kr 2.010.000 i 2017:

  • Spilleavhengighet Norge:  kr 1.500.000 (driftstilskot)
  • Tyrkisk barn og ungdoms organisasjon: kr 50.000 (prosjekttilskot)
  • Norsk forening for spillproblematikk: kr 200.000 (driftstilskot)
  • Norsk Parkinsonforbund: kr 110.000 (prosjekttilskot)
  • Stiftelsen Nordiska Sällskapet för Upplysning om Spelberoende: kr 50.000 (prosjekttilskot)
  • Barnevakten: kr 100.000 (prosjekttilskot).

Tildeling i 2016

Desse organisasjonane fekk tildelt tilsaman kr 1.600.000 i 2016:

  • Spilleavhengighet Norge:  kr 1.000.000 (driftstilskot)
  • Tyrkisk barn og ungdoms organisasjon: kr 50.000 (prosjekttilskot)
  • Norsk forening for spillproblematikk: kr 200.000 (driftstilskot)
  • Norsk Parkinsonforbund: kr 110.000 (prosjekttilskot)
  • Barnevakten: kr 240.000 (prosjekttilskot)