Det er innført ein ny permanent modell for fordeling av Norsk Tipping sitt speleoverskot til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar.

Ny modell

Ny forskrift om tilskudd til samfunnsnyttige og humanitære organisasjoner fra spilleoverskuddet til Norsk Tipping, vart gjort gjeldande frå 7. mai 2018. Frå same tidspunkt vart forskrift av 12. juni 2009 nr. 640 oppheva.

Frå og med tildelingsåret 2019 er dermed fordelinga av tilskot lagt om slik at den i større grad bidreg til å trygge viktige samfunnsoppgåver som store landsdekkande organisasjonar utfører på områda helse, sosiale tenester, krisehjelp og støttearbeid, natur-, miljø og dyrevern. Den skal i tillegg sikre at sentrale rednings- og beredskapsoppgåver kan vidareførast.

MERK: Tidlegare automatinntekter vil ikkje lenger vere eit kriterium for tildeling av tilskot.

Søkar må

  • vere landsdekkande, det vil seie at underledd eller avdelingar må ha jamnleg regional og lokal aktivitet i minst fire av fem landsdelar.
  • ha eit fordelingsgrunnlag på minimum 10 millionar kroner.

Vilkår elles går fram av § 4 i forskrifta.

Frist

Søknadsfristen er 1. september 2019.

Søkjer de om momskompensasjon i 2019?

Organisasjonar som har søkt eller kjem til å søkje om momskompensasjon for frivillige organisasjonar i 2019 (søknad gjeld for mva-kostnader i 2018) treng ikkje sende vedlegg på nytt, men berre fylle ut søknadsskjema.

Organisasjonar som ikkje skal søkje om mva-kompensasjon i 2019, og som fyller vilkåra for denne ordninga må legge ved søknaden godkjend og signert årsmelding, rekneskap og revisjonsmelding. I tillegg må de legge ved utfylt eigenerklæring om frivillig verksemd.

Meir informasjon

Søknad

Last ned søknadsskjema (PDF med skrivbare felt)

Søknad skal sendast via e-post til postmottak@lottstift.no

Alternativt i Posten: Lotteri- og stiftelsestilsynet, Storehagen 1b, Postboks 800, 6805 Førde.

Spørsmål?

Ta kontakt:  postmottak@lottstift.no, eller tlf. 57 82 80 00.