Med omgrepet «utanfor den frivillige delen» siktar vi til aktivitetar som fell utanfor målgruppa for ordninga eller er av privat karakter. Målgruppa er definert på sida om generell ordning.

Privat karakter

Med privat karakter meiner vi kostnadar det er normalt at privatpersonar sjølv betaler. Ofte blir slike kostnader finansiert med eigenandelar. For eksempel ser vi at ein del foreiningar arrangerer turar med bruk av eigenandelar. Til dette vil vi merke at tur- og andre kostnader som ber preg av å vere av privat karakter og som blir dekka inn ved hjelp av eigenandelar, ser vi på som ein privat kostnad. Den delen av kostnadane som er dekka av eigenandelar ser vi ikke på som organisasjonen sin kostnad, og difor heller ikkje ein del av organisasjonens frivillige verksemd. Ved å trekke ut inntektsførte eigenandelar vil kostnadane som ligg igjen som søknadsgrunnlag, tilsvare den faktiske kostnaden organisasjonen har med aktivitetene.

Andre eksempel på private kostnader kan vere ein båtforeining som skal utbetre ei brygge med private båtplassar, eller ein velforeinings kostnad med å byte postkassestativ.

Offentlige oppgåver og aktivitetar som frivillige lag og organisasjoner utfører på vegne av stat, kommune eller fylkeskommune, fell også utanfor den frivillige delen. Eksempel er helse, undervisnings- eller sosiale tenester, men også nokon gonger mindre oppgåver som vegbrøyting og vedlikehald av eigedom.

Fortenestebasert verksemd

Med omgrepet «fortenestebasert» siktar vi til aktivitetar som er eigna til å generere forteneste for dei som står bak aktivitetane.

Med forteneste meiner vi eit overskot som kan utdelast til eigaren/medlemmane. Det kan også vere andre økonomiske fordelar som for eksempel verdiar ved sal/oppløysning eller i form av verdiauke på private eigedelar.

Med mindre det er sett i verk tiltak som separate rekneskap, intern prisfastsetting- og kostnadsdelingsrutinar og det blir ført tilsyn med at slike tiltak blir følgt opp av organisasjonane, kan ikkje organisasjonar som har fortenestebasert aktivitet motta momskompensasjon.

Ein organisasjon kan drive ein aktivitet som er eigna til å gå med overskot. Betingelsen er at overskotet i sin heilskap blir ført tilbake til den frivillige verksemda. Det må være nedfelt i vedtektene til organisasjonen at eit eventuelt overskot skal tilbakeførast til føremålet. Dersom ein organisasjon driv verksemd som generer overskot som går tilbake til føremålet, men har nedfelt i vedtektene at utdelingar kan gjerast til eigarar/medlemmar, vil organisasjonen bli vurdert til å drive fortenestebasert verksemd.