Lotteritilsynet og Helsedirektoratet lyser ut inntil éin million kroner til tiltak som skal førebygge pengespel- og dataspelproblem. Beløpet vil bli tildelt eitt eller flere prosjekt der målsettinga er å førebygge problematisk speleatferd på nasjonalt nivå.

Myndigheitene ønskjer å samarbeide med eksterne aktørar om førebyggingsarbeidet. Nasjonale aktørar som arbeider med problematisk speleatferd kan støttast med midlar.

Handlingsplan mot spilleproblemer (2016-2018) har følgjande målgrupper: Barn, unge, yngre vaksne, pårørande og familiar, minoritetar og utsatte grupper i sosiale eller sårbare situasjonar (f.eks. grupper med låg inntekt, grupper i arbeidslivet og studentar eller ved sjukdom og tidlegare problemspeling).

Målgruppa barn og unge er dekka ved allereie igangsatt arbeid, og blir ikkje prioritert her. Med denne utlysinga ønskjer vi å nå nasjonale organisasjonar eller aktørar som i prosjektsøknaden rettar sitt arbeid mot nokon av dei andre målgruppene.

Kven kan søke

Landsdekkande aktørar som ikkje blir dekka av til­skotsordninga for frivillige organisasjonar som arbeider med problematisk speleatferd, kan søke om midlar. Ved tildeling av midlar kjem det til å bli lagt vekt på prosjektets formål og korleis prosjektet blir organisert for å oppnå ei nasjonal geografisk spreiing.

Det kan søkast om inntil éin million kroner. Beløpet vil bli fordelt på ein eller flere søkarar. Midlane vil bli utbetalt som ein eingangsutbetaling i løpet av våren 2018.  Det er ikkje kjent om slike midlar blir lyst ut i 2019.

Send søknad til postmottak@lottstift.no eller per post til: Lotteritilsynet, Postboks 800, 6805 Førde.

Søknaden må innehalde prosjektbeskriving med budsjett og framdriftsplan. Søknad vil bli behandlet av Lotteritilsynet i samråd med Helsedirektoratet og Medietilsynet.

For nærare informasjon om utlysinga kontakt seniorrådgjevar Jonny Engebø, tlf. 57 82 80 26, eller rådgjevar Lars Petter Degnepoll på tlf. 57 82 82 40.

Søknadsfristen var 15. mars 2018.

Handlingsplan mot spilleproblemer finn du her. Denne utlysinga er tiltak 1.1.b i handlingsplanen.