Tilsyn med Lyoness

Lyoness er eit ulovleg pyramideliknande omsetningssystem. Minst 15 000 nordmenn har til saman betalt minst 500 millionar kroner til Lyoness, utan å få varer eller tenester tilbake med tilsvarande verdi.

Lyoness Norway AS, Lyoness Europe AG, myWorld Nordic AS og Lyconet International AG er alle knytt til Lyoness.

Februar 2021

Lyconet skriv i ein e-post til Lotteritilsynet at dei vil starte ny verksemd i Noreg. Det har dei ikkje lov til. Lotteritilsynet er kjend med at selskapet og deltakarar informerer om at verksemda er lovleg, fordi politiet la vekk saka. Dette er uriktig og villeiande informasjon.

Les svaret vårt til Lyconet.

Desember 2020

Politiet endrar ikkje avgjersla om å legge vekk Lotteritilsynet si politimelding. At politiet har lagt vekk saka av kapasitetsomsyn betyr ikkje at Lyoness har lov til å operere i Noreg.

Mai 2020

Lotteritilsynet klagar på at politiet la vekk Lyoness- saka på grunn av kapasitetsomsyn.

April 2020

Politiet legg vekk politimeldinga på grunn av kapasitetsomsyn.

Juni 2019

Oslo byfogdembete avslår Lyoness Norway AS og Lyoness Europe AG sitt krav om å få halde fram verksemda i Noreg fram til det ligg føre ei rettskraftig avgjerd.

Januar 2019

Lotterinemnda stadfestar Lotteritilsynet sitt vedtak med pålegg om stans av all Lyoness si verksemd i Noreg.

Mai 2018

Lotteritilsynet har nytt tilsyn med Lyoness, og konkluderer med at det er eit ulovleg pyramideliknande omsetningssystem. Tilsynet fattar vedtak om at Lyoness må stanse alle drift av, deltaking i og utbreiing av verksemda i Noreg.

September 2014

Lotteritilsynet konkluderer med at Lyoness ikkje driv eit ulovleg pyramideliknande omsetningssystem i 2014.  

Derimot meiner tilsynet at Lyoness i åra 2012 og 2013 dreiv eit ulovleg pyramideliknande omsetningssystem der meir enn 50 prosent av inntektene i denne perioden kom frå verving av medlemmar. 

Juni 2014

Lotteritilsynet har utarbeidd ein førebels tilsynsrapport.

Rapporten konkluderer med at Lyoness ikkje driv eit ulovleg pyramideliknande omsetnadssystem, som er i strid med lotterilova.  

Konklusjonen bygger særleg på mottekne opplysningar som viser at meir enn 50 prosent av Lyoness sine inntekter frå verksemd i Noreg kjem frå sal av varer og tenester knytt til Lyoness sitt handelsnettverk, og ikkje frå verving av medlemmar.  

Desember 2013

Lotteritilsynet opnar tilsyn med Lyoness Norway AS, for å vurdere om selskapet er eit ulovleg, pyramideliknande omsetningssystem.