Lotteritilsynet kan gi eitt løyve med tre års varigheit til å halde årlege norgesmeisterskap i turneringspoker med inntil fem regionale kvalifiseringsturneringar. Vi har lagt ut søknadsskjema for løyve for perioden 2020-2023. Søknadsfristen er 11. januar 2021.

Kven kan søkje?

Landsdekkande samfunnsnyttige eller humanitære organisasjonar kan søke om løyve.

Organisasjonane må sende søknad om å bli godkjend som lotteriverdig før søknaden om NM i turneringspoker blir sendt til Lotteritilsynet, jf. forskrift om lotteritilsynet og lotteriregisteret m.m. § 2-1. 

Søknad om godkjenning som lotteriverdig organisasjon skal sendast Lotteritilsynet på eige søknadsskjema.

Forskrift til lov om lotterier m.v. § 8  krev at søkjar har «få eller ingen inntekter frå den norske lotteri- eller pengespelmarknaden». Ved vurderinga av om ein organisasjon har få inntekter frå den norske lotteri- eller pengespelmarknaden, skal det leggjast vekt på i kva grad organisasjonen får midlar frå tippenøkkelen eller har løyve til å halde andre lotteri med heimel i lotterilova.

Alle søkjarar må betale eit gebyr på 10.000 kroner. Faktura blir sendt ut straks etter søknadsfristen.

Bruk av entreprenør

Søkjar kan knyte til seg ein entreprenør som gjennomfører turneringane på vegne av organisasjonen.

Entreprenør må ha relevant kompetanse til å gjennomføre arrangementet. I søknaden må det beskrivast kva kompetanse og erfaring turneringsleiar og arrangementsansvarlege har frå tidlegare til å gjennomføre store landbaserte pokerturneringer og arrangement med mange deltakarar over fleire dagar. Det skal i tillegg beskrivast kva kompetansekrav søkjar stiller til turneringsleiing og kortutdelar.

Entreprenør må sende søknad om å bli autorisert før søknad om NM i turneringspoker blir sendt til Lotteritilsynet, sjå forskrift om lotteritilsynet og lotteriregisteret m.m. § 2.2. 

Søknad om autorisasjon skal sendast til Lotteritilsynet på eige søknadsskjema.

Vilkår for arrangementet

Dei viktigaste vilkåra for sjølve arrangementet er:

  • Maksimalt 5000 deltakarar.
  • Maksimalt innskot på kr 20 000 per deltakar under norgesmeisterskapet.
  • Maksimalt innskot på kr 5 000 i kvalifiseringsturneringane.
  • Maksimal hovudpremie kr 2 000 000.
  • Maksimal del til entreprenør er 20 % av innskotet.
  • Minimum del til formålet er 5 % av innskotet.
  • 18 års aldersgrense på deltakarane.
  • Krav til elektronisk innbetaling av innskot og utbetaling av premie.

Les meir om regelverket for Poker- NM.

Søknadsbehandling

Søknadsfristen er 11. januar 2021.

Søknadsskjema finn du her. 

Søknadsskjema med vedlegg skal sendast til postmottak@lottstift.no,
alternativt med post til Lotteritilsynet, Postboks 800, 6805 Førde.

Søknadane blir vurderte ut i frå den informasjonen vi har fått innan søknadsfristen.

Endring i regelverket

Endringar i regelverket for poker er på høyring og vil bli gjort gjeldande for nytt løyve. Høyringsfristen er 4. januar 2021.