Utlysing av prosjektmidlar til førebygging av spelproblematikk

illustrasjon problemspiller

Lotteri- og stiftelsestilsynet og Helsedirektoratet lyser ut inntil ein million kroner til tiltak som skal førebygge pengespel- og dataspelproblem. Beløpet kan bli tildelt eitt eller fleire prosjekt der målsettinga er å førebygge problematisk speleåtferd. Tiltak som blir prioritert må kunne nå ut nasjonalt.

Søknadsfristen var 30. september 2022.

Søknad sendast til: Lotteri- og stiftelsestilsynet, postboks 800, 6805 Førde eller til postmottak@lottstift.no. Merk søknaden med «Forebygging 2022».

Beløpet vil bli fordelt på ein eller fleire søkjarar. Tildeling vil skje i oktober. Midlane vil bli utbetalt som eingongsutbetaling i løpet av hausten 2022.

Kven kan søke?

Landsdekkande nasjonale organisasjonar eller aktørar som ikkje blir dekt av tilskotsordninga for frivillige organisasjonar som arbeider med problematisk speleåtferd kan søke om midlar. Ved tildeling kjem det til å bli lagt vekt på prosjektet sitt formål og korleis prosjektet blir organisert for å oppnå nasjonal geografisk spreiing.

Målgrupper for tiltaket

Målgruppene er henta frå Handlingsplan mot speleproblem (2022 – 2025). Tiltaket må rette seg mot desse målgruppene:

  • Yngre vaksne menn.
  • Idrettsutøvarar.
  • Pårørande og familiar.
  • Minoritetar.
  • Utsette grupper i sosiale situasjonar ( til dømes grupper med låg inntekt, studentar, innsette og sårbare grupper i arbeidslivet).
  • Utsette grupper i sårbare situasjonar (til dømes ved sjukdom og tidlegare problemspel).

Målgruppa born og unge ligg også i handlingsplanen, men den er dekka ved allereie igangsett arbeid, og blir ikkje prioritert i denne utlysinga.

Spørsmål om utlysinga kan rettast til Lars Petter Degnepoll, telefon: 95994609 eller Jonny Engebø, telefon 99284340