Lotteri, basar, bingo og møtelotteri er rekna som pengespel etter den nye pengespellova som kom i 2023.
Mange lurer på kva reglane er for mindre pengespel som lotteri eller bingo. Her kjem nokre regelforklaringar.
Må eg søke om å ha lotteriet?
Pengespel med årleg omsetning under 200 000 kroner brutto kan frå 1. januar 2023 bli arrangert utan at du treng å melde frå til Lotteritilsynet. Dette gjeld også bingo med årleg omsetning under 200 000 kroner brutto.
Det er dermed heller ikkje behov for å melde inn omsetning i etterkant av pengespelet (lotteriet, basaren, møtelotteriet) så lenge omsetninga under 200 000 kroner årleg.
Kva reglar gjeld for pengespel som lotteri og basar med omsetning under 200 000 kroner brutto?
- Pengespelet kan maks ha ei årleg (kalenderår) bruttoomsetning (loddsal eller salsinntekt) på inntil 200 000 kroner. Grensa knyter seg til omsetninga, ikkje overskotet. Ein kan altså ha eitt pengespel som omset for maks 200 000 kroner, eller f.eks. fem ulike pengespel som omset for 40 000 kr kvar.
- Inntektene skal gå til eit ikkje-fortenesebasert formål, enten i Noreg eller utlandet. Med «ikkje-foretenestebasert» meiner vi aktivitetar som ikkje kan generere i forteneste til dei som står bak aktiviteten. Ein organisasjon kan drive ein aktivitet som er eigna til å gå med overskot for eksempel kioskdrift, men overskotet må i sin heilskap bli ført tilbake til den frivillige virksomheten. For eksempel kan ikkje ein bilforhandlar ha eit pengespel som går til bedrifta.
- Pengespelet kan ikkje bli tilbydd på nett og digitale plattformer. Når det gjeld bruk av elektroniske og digitale løysingar for betaling og distribusjon, som f.eks. Vipps og Facebook, er dette lov.
- Pengespelet (f.eks basaren og lotteriet) må ha eit lokalt eller regionalt omfang.
- Det er ikkje høve til å nytte medhjelpar (profesjonell aktør som gjennomfører lotteriet). Ein bingohall som er drifta av ein profesjonell aktør, fell ikkje inn under denne grensa. Les meir om bingo og korleis du kan arrangere eller få inntekter frå bingo her.
- Pengespelet skal ha avgrensa størrelse på premiane og ha låg eller ingen risiko for speleproblem.
- Den nye lova har ingen krav til kor stor premieverdi lotteriet skal ha, eller kor mange premiar som må vere i lotteriet/basaren.
Unntak frå kravet om ikkje-fortenestebasert formål
Pengespel i private forsamlingar kan haldast utan at overskotet går til eit ikkje-fortenestebasert formål jf. pengespelforskrifta § 36. Men då er det andre omsetningsgrenser:
- For pengespel i private forsamlingar er det ei øvre omsetningsgrense på 20 000 kroner per samankomst.
- For pokerspel i private heimar (utan profesjonelt preg), er grensa maksimalt 20 spelarar â 1 000 kroner per samankomst.