Lotteri- og stiftelsestilsynet skal sikre ansvarlege pengespel, ei sterk frivilligheit og trygge stiftelsar.
Lotteri- og stiftelsestilsynet er underlagt Kultur- og likestillingsdepartementet og
er staten sitt forvaltningsorgan på områda pengespel, stiftelsar og frivilligheit. Dei tre områda har
felles stabsfunksjonar og direktør.
Kultur- og likestillingsdepartementet gir rammene for arbeidet vårt gjennom eit tildelingsbrev vi får kvart år.
Tildelingsbrevet er vårt viktigaste styrande dokument. Dette tydeleggjer måla våre, og krav og forventningar til oss.
Måla i tildelingsbrev for 2024 er å
- sikre ansvarlige pengespel, forebygge speleavhengigheit og negative sosiale
konsekvensar av pengespel- og lotteritilbodet - legge til rette for at overskot fra pengespel og lotterier gis til helse- og
rehabiliteringsformål, samfunnsnyttig og humanitært arbeid, idrett og kultur - legge til rette for ei effektiv og trygg forvaltning av pengestøtte til frivilligheita
- sikre ei forsvarlig forvaltning av stiftelsar og auke kunnskapen om deira
samfunnsmessige betydning - bidra til at tilsynet er leiande i å bygge og formidle kunnskap og truverdig informasjon
om pengespel, stiftelsar og støtteordningar for frivilligheita
Tildelingsbrevet for 2024 kan du lese her (pdf).
Lotteritilsynet – avdeling for pengespel
Lotteritilsynet fører tilsyn og kontroll med dei statlege pengespela for å sikre at dei held seg innanfor rammene som gjeld for ansvarlege pengespel. Vi jobbar også for å sikre at aktørar som driv ulovleg, ikkje skal få fotfeste. Vi arbeider med å hindre kampfiksing og manipulering av idrettskonkurransar, og vi følger opp kvitvaskingslova på lotteri- og pengespelfeltet. Lotteritilsynet sørger for at spelemidlar frå dei regulerte aktørane kjem det norske samfunnet og frivilligheita til gode. Avdeling for pengespel jobbar i hovudsak med:
- Tilsyn med Norsk Tipping og Norsk Rikstoto.
- Tilsyn med ulovlege pengespel.
- Tilsyn med spelmarknaden etter kvitvaskingslova.
- Arbeid mot kampfiksing.
- Kontroll av bingosektoren og godkjenning av medhjelparar.
- Lotteriløyver og rekneskapskontroll.
- Regelverksarbeid, utgreiing og statistikk.
Lotteritilsynet – avdeling for frivilligheitsstøtte
Lotteritilsynet har også ansvar for å forvalte fleire tilskotsordningar til frivillige lag og organisasjonar. Det er etablert ei eiga avdeling som jobbar med tilskotsforvaltning. Lotteritilsynet er den største statlige tilskotsforvaltaren til frivilllige organisasjonar. Avdeling for frivilligheitsstøtte jobbar i hovudsak med:
- Fordeling av momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar, både den generelle ordninga og den som gjeld idrettsanlegg.
- Fordeling av delar av overskotet til Norsk Tipping.
- Fordeling av straumstøtte til frivillige organisasjonar.
- Fordeling av tilskot til frivilligsentralar.
- Tilsyn med grasrotmottakarar.
- Regelverksarbeid, utgreiing og statistikk.
- Samarbeid om tilskudd.no saman med DFØ. Nettstida gir oversikt over statlige tilskot til frivillige organisasjonar.
Stiftelsestilsynet
Stiftelsestilsynet skal sikre at norske stiftelsar driv lovleg og i tråd med formåla, men også bidra til at stiftelsar er ein attraktiv måte å utvikle samfunnet på. Vi rettleiar og fører tilsyn med norske stiftelsar. Dessutan jobbar vi med å dele kunnskap om rolla stiftelsar speler i det norske samfunnet. I tillegg godkjenner vi endringar i private beslagsforbod, bandlagd pliktdelsarv, uråderettsklausular og samvirkeføretak. Stiftelsestilsynet jobbar i hovudsak med:
- Tilsyn og kontroll med norske stiftelsar.
- Å behandle søknadar om å opprette, endre eller avvikle stiftelsar.
- Regelverksarbeid, utgreiing og statistikk.
- Å auke kunnskapen om stiftelsars samfunnsmessige betydning.
- Nokre andre avgrensa område, som gjeld dekningslova, arvelova og samvirkelova.