Andre ansvarsområde i Stiftelsestilsynet

Stiftelsestilsynet si hovudoppgåve er å handheve stiftelseslova, mellom anna oppheving/endring av uråderettsklausular. Men vi er også tildelt mynde til å gjere vedtak etter dekningslova (kapittel 3), etter arvelova § 32, og i enkelte tilfelle vedtak om omorganisering av samvirkelag.

Beslagsforbod

Når det gjeld lov om fordringshavernes dekningsrett (dekningslova), er oppgåvene til Stiftelsestilsynet i hovudsak å omdanne beslagsforbod. Men tilsynet kan også vedta beslagsfridom for midlar til livsopphald etter søknad, og oppnemne tillitsmann i samband med dette.

Ifølgje dekningslova er oppgåvene til Stiftelsestilsynet i hovudsak:

Arvelova

Etter arvelova kan Stiftelsestilsynet omdanne bandlegging av arv. Sjå også arvelova § 32.

Samvirkelova

Samvirkelova gir Stiftelsestilsynet mynde som kontrollorgan i enkelte tilfelle av omorganisering av samvirkelag. Det gjeld der omorganisering fører til at medlemmane i eitt eller fleire av dei aktuelle samvirkeføretaka får krav på ein større del av dei resterande midlane ved oppløysing enn dei elles ville fått.

Les meir om Stiftelsestilsynets mynde når det gjeld samvirkeføretak.

Les også faktaark om samvirkeføretak.