Beslagsfridom vil seie at den du skuldar pengar (kreditoren), ikkje kan ta beslag i dei midlane som er gjort beslagsfrie. Det skal oppnemnast tillitsmann for midlane som blir gjort beslagsfrie.

Kva midlar kan gjerast beslagsfrie?

§ 2-7 i dekningslova, bokstav d-h, seier:

  • d) underhaldsbidrag som du (skuldnaren) har krav på til deg sjølv
  • e) pensjon eller annan yting etter lovgivinga om offentleg trygd eller liknande
  • f) erstatning eller oppreising for skade på lekam eller helse eller for tap av forsørgjar
  • g) midlar innsamla offentleg til skuldnaren
  • h) æresgåver som består av pengar

Når kan du får gjort midlane beslagsfrie?

Stiftelsestilsynet kan, etter søknad, bestemme at midlane skal vere beslagsfrie. Stiftelsestilsynet kan ta ei slik avgjerd både før og etter at du har fått midlane jf. dekningslova § 3-9 første ledd.

Omsynet bak regelen er at dersom beløpet er erstatning for tap i framtidig erverv, vil det vere klart urimeleg om kreditorane på utbetalingstidspunktet skulle kunne legge beslag på beløpet som skal tene til framtidig underhald.

Kven kan søke om å få gjort midlane beslagsfrie?

Det er den som skal få eller har fått midlane, som kan søkje Stiftelsestilsynet om å få gjort midlane beslagsfrie. Du kan søkje både før og etter at du har fått midlane. Dersom du søkjer etter at det er gjort beslag i midlane, må du sende søknaden innan éin månad etter beslagstidspunktet jf. dekningslova § 3-9 første ledd.

Når kan kreditorane ikkje lenger ta beslag i midlane dine?

Beslag som er teke i beløpet, taper sin verknad dersom det blir gjort vedtak om beslagsfridom. Dette gjeld likevel ikkje beslag som er gjort tidligare enn éin månad før du sende søknad om beslagsfridom jf. dekningslova § 3-9 andre ledd.

Tillitsmann

Dersom midlane blir gjort beslagsfrie, må det oppnemnast ein tillitsmann for forvaltninga av midlane. Du som er eigar av dei beslagsfrie midlane, må foreslå kven du ynskjer oppnemnt tillitsmann. Viljeserklæring frå den foreslåtte tillitsmannen må leggast ved søknaden. Tillitsmannen må vere ein bank, ein advokat eller statsforvalteren. Les meir om tilltsmann.

Kva med omsynet til kreditorane?

Kreditorane dine er part i saka når du søkjer om beslagsfridom. Som del av vår sakshandsaming vil vi sende ei orientering om søknaden om beslagsfridom til kreditorane dine, slik at dei kan uttale seg om denne.

Kva må du legge ved søknaden?

  • grunnlaget for dei midlane det blir søkt beslagsfridom for
  • oversikt over alle kreditorar – med adresse og organisasjonsnummer (personnummer om privat person).
  • forslag til tillitsmann, samt viljeserklæring frå vedkomande

Dersom du søkjer om beslagsfridom for erstatning, må du leggje ved dokumentasjon på erstatninga og ein oversikt over kva erstatning det er tale om.

Bruk hjelpeskjema som sjekkliste for søknad om oppheving av privat beslagsfridom: