
Vil du jobbe med oss?
Lotteri- og stiftelsestilsynet er ein spennande arbeidsplass som høyrer til i Førde. Hos oss jobbar det 80 engasjerte kollegaer innan mange ulike fagfelt. Vi er éin samla arbeidsplass, men består av to tilsyn: Lotteritilsynet og Stiftelsestilsynet.
Ledige stillingar akkurat no
Stiftelsestilsynet søker etter engasjert kollega med interesse for analyse og formidling.
Lotteritilsynet søker etter tre kollegaer som er nysgjerrige på forvaltinga av pengespelområdet.
Slik er det å jobbe hos oss
Hos oss er det fint å jobbe. Vi tek godt vare på våre tilsette, og ønsker at alle skal trivast. Vi har gode ordningar med fleksitid, trening i arbeidstida, kantineordning og moglegheit for heimekontor. I Lotteri- og stiftelsestilsynet jobbar det ei god blanding av nytilsette og rutinerte travarar, tilflyttarar og folk som kjem frå området.
Det skaper god dynamikk, og ikkje minst bidrar det til at vi lærer mykje av kvarandre. Vi har treningsrom i bygget, og treningstimar for våre tilsette på Puls. I tillegg sørger Velferdskomiteen for kjekke aktivitetar – både i og utanfor arbeidstida. Velkommen til oss!
Bli litt betre kjent med arbeidsplassen gjennom videoen under.
Kva gjer vi?
Samfunnsoppdraget vårt er å sikre ansvarlege pengespel, ei sterk frivilligheit og trygge stiftelsar. Det betyr blant anna at vi skal passe på at norske stiftelsar og norske pengespeltilbydarar driv i samsvar med lova. Og vi skal stenge dei ulovlege pengespeltilbydarane ute frå Norge. Dessutan forvaltar vi fleire støtteordningar til frivillige lag og organisasjonar, og fører tilsyn med blant anna Grasrotandelen til Norsk Tipping.
Resultatet av det vi gjer? Mindre negative konsekvensar for speleavhengige nordmenn, at glade barn kan trikse på fotballbaner, ete kiosk-vaflar og ha sosiale møteplassar. Stiftelsar som jobbar med formålet og gir tilbake til samfunnet i form av aktivitetar og økonomisk støtte. Og det er berre litt av det. Om vi har ein jobb med meining? Ja!