Det tre av fordelane med å jobbe i Lotteri- og stiftelsestilsynet, viss du spør Silje Sægrov Amble på pengespelavdelinga.

Silje Sægrov Amble frå Førde er jurist på pengespelavdelinga i Lotteri- og stiftelsestilsynet. – Det er ei god blanding i kollegiet, mellom nytilsette og folk som har vore her lenge. Foto: Dagrun Reiakvam
Silje Sægrov Amble frå Førde er jurist på pengespelavdelinga i Lotteri- og stiftelsestilsynet. – Det er ei god blanding i kollegiet, mellom nytilsette og folk som har vore her lenge. Foto: Dagrun Reiakvam

Då ho var ferdig utdanna jurist frå Universitet i Bergen i 2005, jobba ho ein kort periode hos eit advokatkontor i Førde. Så kom utlysinga av juriststillingar hos både Lotteritilsynet og hos Stiftelsestilsynet. Silje søkte og blei kalla inn til intervju hos begge tilsyna.

– Eg syntest utlysinga var spennande. Det som fenga meg var å jobbe nasjonalt frå Førde. Og så hadde eg høyrt gode ting om Lotteri- og stiftelsestilsynet, at det var ein god arbeidsplass.

Sidan 2006 har ho vore jurist på Lotteritilsynet.

– Pengespel er fascinerande, noko dei fleste har eit forhold til. Det er uskyldig moro og kan gi spenning i kvardagen. Det er givande å jobbe med å regulere at pengespel i Norge skjer under trygge former, der færrast mogleg får problem med spelinga si, seier Silje.

Får innblikk i heile feltet

Då ho først begynte jobba Silje med momskompensasjonsordninga. Seinare har ho jobba med både lovlege og ulovlege pengespel, mot bingobransjen, med lotteri og Norsk Tipping. Med andre ord vore innom heile pengespelfeltet.

– Det å få eit innblikk i heile feltet gjer at ein ser samanhengane. Det er spennande å jobbe med ulike aktørar, og det prøver vi på når nye folk kjem inn: Å gi dei dette innblikket, fortel Silje.

Ein hospiterer gjerne internt, for å lære om kva andre jobbar med.

– Slik får vi ein større forståing for kva andre gjer og kven ein kan spørje for å få hjelp om noko. Dessutan blir ein godt kjent med folk og får innblikk i utfordringane kollegaane står i. Det gjer også at vi blir mindre sårbare, at vi kan trå til på andre område enn det vi jobbar med sjølv til dagen.

Jobbar med å stenge ulovlege aktørar ute

No jobbar Silje mest med tilsyn med pengespelmarknaden, og spesielt den ulovlege marknaden. Det er typisk nettspel frå store, internasjonale selskap som driv ulovleg i Norge.

– Mykje handlar om informasjonsarbeid til aktørane, dei som leverer spel, dei som marknadsfører desse og dei som spelar. Veldig mange ønsker å opptre lovlydig, men vi reagerer og mot dei som ikkje lever etter lovverket, til dømes ved å gjere vedtak.

Vi blir mindre sårbare, fordi vi kan trå til på andre område enn dei vi jobbar med til dagen

Silje Sægrov Amble

Det er mange som innrettar seg når Lotteritilsynet sender varsel om vedtak. Dersom dei ikkje gjer det, kan Lotteritilsynet følgje opp med tvangsmulkt eller melde saker til politiet. Silje og kollegaane har møter både med dei som driv lovleg og dei som driv ulovleg.

– Det viktig for oss å ha ein god dialog, lytte og vere tydelege på kva som vil skje vidare i prosessar, kva følger ting får. Når dei først forstår konsekvensane, så er det mange som innrettar seg. Men i nokre tilfelle må vi trå til med dei sterkaste verkemidla vi har.

Lotteritilsynet jobbar tett med andre styresmakter for å få resultat. Spesielt gjeld det Medietilsynet, Økokrim og Finanstilsynet.

– For å oppnå mest mogleg er det viktig å jobbe saman. Det handlar mykje om forbrukarvern og økonomisk kriminalitet.

Tilsyn med pyramidespel er også ein del av dette arbeidet. Pyramidespela er ofte knytt til anna ulovleg aktivitet, som kvitvasking og bedrageri.

– Mange tar kontakt, anten fordi dei lurer på å investere pengar eller fordi dei har tapt mykje pengar og ikkje kjem seg ut. Då handlar det om å snakke med dei og åtvare mot pyramidespel. Det er ulovleg også å delta i pyramidespel. Det er eit stort informasjonsbehov rundt dette, seier Silje.

Dette jobbar pengespelavdelinga med
  • Tilsyn med Norsk Tipping og Norsk Rikstoto
  • Tilsyn med ulovlege pengespel og pyramidespel
  • Tilsyn med spelmarknaden etter kvitvaskingslova
  • Arbeid mot kampfiksing
  • Kontroll av bingosektoren og godkjenning av entreprenørar
  • Lotteriløyver og rekneskapskontroll
  • Regelverksarbeid, utgreiing og statistikk

Avdelinga har 21 tilsette.

Regelverket blir utfordra i retten

Det pågår stadig rettssaker på pengespelfeltet. Der jobbar Silje og kollegaane tett med regjeringsadvokaten og Kultur- og likestillingsdepartementet.

– Vi får mykje motstand. Det er store aktørar som utfordrar regelverket vårt. Det tar tid, men det er bra at vi blir utfordra. Det gjer oss betre, og vi får forvaltningspraksis og rettspraksis som vi kan bruke vidare.

Silje blir motivert av å vere med å stoppe ulovlege pengespel og pyramidespel. Gjennom jobben er ho tett på dei som har problem med spel.

– Det er ein meiningsfylt jobb. Å sikre at pengespel skjer i trygge former, og å prøve å hindre at dei av oss som har speleproblem får uoppretteleg skade økonomisk eller sosialt. Vi snakkar jamleg med folk som har milliongjeld som er vanskeleg å komme ut av. Og med folk som har komme seg ut av det. At vi kan ha bidratt til at problem blir tatt tak i, det er motiverande.

Godt samhald avgjerande

Ho likar kombinasjonen av at jobben er føreseieleg, men samtidig at ho aldri heilt veit kva veka bringer.

– Det er ofte saker tar uventa vendingar, du veit ikkje heilt kva som kjem. Vi har ulike typar tiltak og verkemiddel som skal verke i lag. Saman finn vi ut kva verkemiddel vi skal bruke til ei kvar tid.

Silje peikar på at felta Lotteri- og stiftelsestilsynet jobbar med kan verke smale, når ein ser det utanfrå. – Det er vidt. For det handlar om tilsyn, tilskotsordningar og forvaltning. Det har god overføringsverdi til anna arbeid også. Her er det berre å gripe sjansen, og komme seg på eit intervju! Foto: Dagrun Reiakvam

Kollegaane er ein viktig del av jobben. Silje meiner det å ha engasjerte, dyktige kollegaer smittar. At ein blir endå meir engasjerte samla.

– Viss det er kompliserte juridiske saker, så er det takhøgde for å gi konstruktive innspel for at saka skal bli best mogleg. Vi tar ryggen for kvarandre. Når det er bråk står vi samla, og vi feirar i lag når det går bra. Då er det lettare å stå i krevjande situasjonar, og vi lærer mykje av kvarandre.

Til dei som lurer på å søke jobb hos Lotteri- og stiftelsestilsynet har Silje følgande råd:

– Lotteri- og stiftelsestilsynet er mykje meir enn mange veit før dei startar å jobbe her. Her er verkeleg gode moglegheiter for å få brukt seg, til å skape noko saman med andre og å gjere ein forskjell. Det er meiningsfulle samfunnsoppdrag.