Tuva Eline Eriksen Høgelid (frå venstre), Johanne Grue Reiten, Thea Sofie Bygstad, Martin Gjerde Skrede og Eirin Alvilde Nordeide var sommarvikarar i Lotteri- og stiftelsestilsynet i 2021. – Det kjekkaste var at eg fekk jobbe så sjølvstendig. Eg blei kasta ut i det, men fekk god opplæring og oppfølging, seier Martin Gjerde Skrede.

Spennande jobb, mykje læring og kjekke kollegaer. Slik oppsummerer sommarvikarane Thea Sofie Bygstad, Johanne Grue Reiten og Martin Gjerde sommaren hos Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Kvart år tilset vi sommervikarar på dei ulike avdelingane våre. Thea Sofie Bygstad (23) var sommarvikar på pengespelavdelinga i fjor. Til dagleg studerer ho jus ved Universitet i Oslo.

– Eg var med å utvikle og lage domsregisteret som gir ei oversikt over alle dommar som har med speleavhengigheit å gjere. Vi lærer jo mykje om å forstå oss på dommar gjennom studiet, så det fekk eg absolutt brukt, fortel Thea.

Skryt av kjekke kollegaer og mykje læring

Før ho kom til Lotteri- og stiftelsestilsynet kunne ikkje Thea så mykje om feltet ho skulle jobbe med.

– Gjennom sommaren lærte eg mykje om tilsynet, og regelverket rundt pengespel. Det hadde eg ikkje vore så mykje borti på studiet, så det var veldig interessant.

Under studietida i Oslo har Thea hatt deltidsjobb for eit advokatkontor, der ho jobbar med saksbehandling.

– Den erfaringa kunne eg ta med meg til Lotteritilsynet. Sjølv om det er veldig ulike typar oppgåver, så har ein begge plassar e-postkontakt med folk – og må formidle jus til folk som ikkje kan jus frå før.

Det er opne dører og heilt lov å stille spørsmål til kven som helst

Thea Sofie Bygstad, jusstudent og sommarvikar 2021

I fjor var Thea ein av seks sommarvikarar i Lotteri- og stiftelsestilsynet. Ho fortel om å ha blitt godt tatt imot av resten av kollegiet på jobb, og skryt av arbeidsmiljøet.

– Det er veldig bra. Det er opne dører og heilt lov å stille spørsmål til kven som helst.

På spørsmål om kva ho blei mest overraska over i jobben svarar ho:

– Kor fort eg vart overlaten til meg sjølv! Eg jobba veldig sjølvstendig, og blei kasta rett ut i det. Men i tillegg til det at eg jobba sjølvstendig, så blei eg veldig inkludert ved at eg var med på møte der eg lærte mykje om kva andre jobba med. Det var veldig kjekt og lærerikt.

Kombinerer relevant erfaring og sommar i fjellet

Johanne Grue Reiten (27) frå Oslo studerer jus i Tromsø. Sommaren 2021 brukte ho hos Stiftelsestilsynet.

– Jobben var ein god måte å sjå korleis ein jobbar med jus i det offentlege, seier Johanne.

Avdelinga har tilsyn med norske stiftelsar, og samfunnsoppdraget vårt handlar om å skape tillit og tryggleik til stiftelsesforma. Det gjer vi gjennom aktivt tilsyn, men også gjennom rettleiing og at vi når ut med informasjon til stiftelsane.

Målet til Johanne var å bruke sommaren på å få erfaring med juridisk arbeid, samtidig som ho ville bruke fritida si ute.

– Vestlandet er så gøy! Å bu ein plass med fjella rett utanfor døra var topp for meg, for eg er glad i sykling, klatring og springing. Så her hadde eg verkeleg alle moglegheiter til å ha ein interessant jobb, samtidig som eg kunne utnytte fritida mi best mogleg.

Johanne Grue Reiten er over snittet glad i fjell og utetid. Med sommarjobb i Sunnfjord fekk ho utforske mange nye fjell. Her på Halbrendsnipa i Førde etter jobb. Foto: Johanne Grue Reiten

Johanne hadde ikkje noko tilknyting til Førde før ho kom hit for jobben.

– Då må ein jo bruke folka ein møter litt aktivt, og det gjorde eg med kollegane på jobb. Det var konsertar, tysdagsintervallar med jobben og rett og slett å bli med på det som skjer. Eg kjeda meg ikkje ein einaste gong i løpet av tida eg var i Førde.

Nyttig for utdanning og jobb seinare

I arbeidet på Stiftelsestilsynet jobba Johanne med saksbehandling. Heilt spesifikt jobba ho med å behandle søknadar frå stiftelsar som ønskte å endre vedtektene sine på den eine eller andre måten.

– For å kunne vurdere om ønsket om endring var i tråd med formålet til stiftelsen, så måtte eg sette meg inn i verda til kvar enkelt stiftelse. Eg fekk mange djupdykk og innblikk i ting som eg aldri ville fått elles. Det var kjempespennande.

I Lotteri- og stiftelsestilsynet jobbar vi aktivt med at vi skal ha blikket vårt ut på samfunnet vi tener, vi jobbar for å styrke brukarane våre. Det fekk Johanne erfare.

– Det eg kanskje blei mest overraska over, ved å jobbe i det offentlege, var kor mykje fokus det er på å vere brukarvennlege. Sjølv om ein jobbar med å kontrollere og sjekke at brukarane følger regelverket, så er ein veldig opptekne av å hjelpe stiftelsane å gjere rett, seier ho.

Tysdagar køyrer Lotteri- og stiftelsestilsynet felles intervalltrening ute for dei som har lyst å sveitte litt saman. Når vêret tillet det er det bonus med bading i elva etter økta. Med kontor midt i Førde sentrum er det dessutan kort veg til iskiosken.

Martin Gjerde Skrede (23) leverte masteren sin i juss ved Universitet i Bergen like før sommaren 2021. Han har brukt to somrar ved Stiftelsestilsynet.

– Først og fremst var eg ute etter å finne ein sommarjobb der eg kunne bruke den juridiske kunnskapen frå studiet. Det var dette ei unik moglegheit for. Det å faktisk få bruke det eg har lært i praksis, det var veldig kjekt, seier Martin.

No jobbar Martin som advokatfullmektig ved Harris advokatkontor i Bergen. Hans tips til dei som lurer på å søke sommarjobb hos Lotteri- og stiftelsestilsynet er klar:

– Berre gjer det! Sjølv om det kan verke skremmande å søke, så blir du godt tatt imot og får fin og trygg opplæring. Erfaringa eg tok med meg frå sommarjobben kunne eg bruke når eg skulle tilbake på skulebenken, ved at eg forstod faget lettare. Og sjølvsagt når eg skulle søke jobb vidare.