Slik skildrar Sindre Aldal Johannessen (24) frå Sotra traineetilværet så langt. Sindre hadde aldri vore i Førde før han flytta hit i august, og angrar ikkje på at han tok sjansen på å flytte frå bylivet til distriktet.

– I starten var det litt skummelt å skulle flytte til ein ny, men også mindre plass, utan å kjenne nokon. Etter å ha vore her ei stund kan eg slå fast at eg trivast godt i Førde, fortel Sindre.

Sindre gjekk rett frå skulebenken i Trondheim, til å bli trainee i Lotteri- og stiftelsestilsynet sommaren 2021 og er no halvveges i traineeåret.

– Eg synest det går veldig bra. I starten var eg ivrig etter å komme i gang, men det tok litt tid å komme inn i arbeidet. No er det mykje å gjere, noko som er bra. Eg lærer stadig noko nytt og har varierte arbeidsoppgåver med hyggelege kollegaer.

Sindre jobbar i kommunikasjon og strategistaben vår og er tilsett gjennom traineeordninga til Framtidsfylket. Då han skulle finne jobb etter masteren, ønskte Sindre først og fremst å bli trainee, samtidig som han ønskte å jobbe med eit breitt spekter av kommunikasjonsoppgåver.

– Traineestillinga appellerte til meg fordi den baud på forskjellige oppgåver innan kommunikasjon, noko som passar ein nyutdanna glimrande.

I tillegg blei han også nysgjerrig på kva Lotteri- og stiftelsestilsynet jobbar med, og etter å ha lese seg opp bestemte han seg for å søke.

– Då eg søkte var det regulering av pengespelmarknaden i Norge eg hadde høyrt mest om. Det avdelinga for frivilligheitstøtte og Stiftelsestilsynet jobbar med var ganske så framand for meg. No ser eg kor aktuelle desse områda også er. Det skjer mykje på dei forskjellige områda våre heile tida, så det kokar ofte mange plassar samtidig, fortel Sindre.

Natur og fjell lokka bergensaren til Førde

Sidan Sindre er tilsett gjennom traineeordninga til Framtidsfylket får han også deltatt på samlingar saman med dei andre traineeane i Framtidsfylket. Han meiner traineeordninga har vært viktig for at han trivast i Førde.

– Dei fleste av traineeane som er i Førde hadde ingen tilhøyrigheit til plassen frå før. At vi er fleire som er «i same båt» gjer det enklare å bli kjent med nye folk. Vi er flinke til å finne på ting ilag, fortel Sindre.

På fritida likar Sindre mellom anna å gå toppturar på ski, og det gjer han gjerne i Jølster. Han legg ikkje skjul på at lysta til å utforske fjella i Sunnfjord var ein viktig faktor då han søkte seg til Førde.

– Eg er glad i gå på randonee, og då synest eg det er fint å ha fjella i nærleiken. Det er veldig mange fjell å velje i, og sjølv om eg har vore på nokon av dei no, så har eg veldig mange som står att. Eg kryssar difor fingrane for at det blir ei lang skisesong!

Sindre speidar seg ut ei nedkøyringsrute. Her er på veg opp Steinegga i Jølster. Vinteren så langt har bydd på mykje laussnø og moro. Foto: Julia Jeanette Mørk

Lurt å utvide horisonten når ein er på jobbjakt

Sindre fortel at han er glad for at han var open for å flytte til Førde, og han oppfordrar jobbsøkarar frå andre plasser i landet til å gjere det same. Han opplever at mange avgrensar seg til ein spesifikk plass når dei skal sjå etter ny jobb.

– Eg trur det er lurt å utvide horisonten når ein er på jobbjakt. Som nyutdanna er det kanskje enklare å få ein god og relevant jobb, viss du er villig til å flytte på deg. Og dersom du ikkje skulle trivast, har du i alle fall opparbeidd deg relevant erfaring som du kan ta med seg vidare, seier Sindre.