Dei tre siste åra har norske stiftelsar samla delt ut om lag 6 milliardar kroner årleg til ei rekkje ulike føremål. Trass i at summen er svimlande høg, er det svært få som faktisk veit kva ein stiftelse er.

Kanskje er du ein av dei som ikkje har høyrt om stiftelsar før, eller ein av dei som ikkje har så stor kjennskap til kva ein stiftelse er for noko. Uansett kan eg likevel nesten garantere at du ein gong i løpet av livet anten har eller vil stå overfor noko ein stiftelse står bak.

Har du budd på eit Thon-hotell? Visste du at det er Olav Thon Stiftelsen som står bak forvaltninga av desse? Har du tatt del i eit av idrettstilboda på heimstaden din? Det finnast ei rekkje ulike stiftelsar som organiserer og tilbyr idrettstilbod. Har du vore ut for ei ulukke og hatt behov for luftambulanse? Stiftelsen Norsk Luftambulanse kan ha vore med på å få deg i tryggleik. Plar du å reise på festival om sommaren? Fleire festivalar som Molde International Jazz Festival, Førdefestivalen og Tysnesfest er organisert av stiftelsar.

Det finnes med andre ord eit hav av ulike stiftelsar. I dag tel vi om lag 6 500 stiftelsar som på ulike måtar gjev bidrag til både samfunnet og enkeltpersonar her i landet. Informasjon om kven desse stiftelsane er og kva dei gjer, kan du finne i Stiftelsesregisteret.

Kva er eigentleg ein stiftelse?

Ein stiftelse er kort fortalt ei organisasjonsform utan eigarar som er oppretta for å realisere eitt eller fleire føremål. Det er nærmast berre fantasien som set grenser for kva føremålet til ein stiftelse kan vere. Så lenge det ikkje strir mot norsk lovgivnad kan opprettar velje det føremålet han sjølv vil. Føremålet kan vere alt frå å ta vare på heimlause kattar til å verne om og styrke ytringsfridomen i Norge. Det er heller ingen avgrensingar i kven som kan opprette ein stiftelse. Enkeltpersonar, selskap, kommunar og andre kan alle opprette stiftelsar. Opprettar kan difor like godt vere mannen i gata som kommunen du bur i. Kven som helst kan med andre ord opprette ein stiftelse som kan tilgodesjå tilnærma kva som helst.

Føremålet eig stiftelsen

For å sikre at midlane går til det føremålet opprettar bestemmer, har alle stiftelsar eit styre som skal jobbe for å realisere stiftelsen sitt føremål. Som stiftelsens øvste organ pliktar styret å handle i stiftelsens interesse. Likevel kan ikkje styret endre stiftelsen sitt føremål utan godkjenning frå Stiftelsestilsynet. Stiftelsestilsynet har i tillegg myndigheit til å føre kontroll og tilsyn med at stiftelsane faktisk blir forvalta i tråd med føremålet, vedtektene og norske lovreglar. Den som opprettar stiftelsen skal kunne stole på at midlane ikkje går til noko heilt anna enn det som var føresetnaden for at stiftelsen i det heile vart oppretta.

Stiftelsesforma inneber altså at det er føremålet som eig stiftelsen. Men kva føremål er det norske stiftelsar flest har? For å kartlegge akkurat dette spørsmålet gjennomførte Stiftelsestilsynet ei temaundersøking i 2020. Resultata frå denne undersøkinga viser at norske stiftelsar i stor grad har føremål innan kultur og idrett, humanitært arbeid og bistand, samfunn-, utvikling- og sosiale tiltak, helse- omsorg- og sosialtenester, forsking og barnehage, opplæring og utdanning.

Stiftelsar – eit samfunnsgode

Uavhengig av korleis stiftelsane realiserer føremåla sine er det ingen tvil om at stiftelsane kjem samfunnet til gode. Dei skapar arbeidsplassar, gjev stadig meir pengar til gode føremål og er med på å innovere offentleg og privat sektor. I tillegg er det fleire som jobbar frivillig for at stiftelsane sine føremål skal bli realisert. Faktisk viser undersøkinga frå Stiftelsestilsynet at om lag 98 000 arbeidde frivillig for stiftelsar i 2019, og at desse la ned om lag 4 millionar dugnadstimar i løpet av året.

Kort oppsummert kan ein seie at det store mangfaldet av stiftelsar er med på å drive samfunnet framover. Du skal difor ikkje sjå vekk ifrå at du på eit tidspunkt sjølv har nytt godane av noko ein stiftelse står bak.