Visste du at norske stiftelsar delar ut rundt 6 milliardar kroner i året? Veit du kor mange millionar dugnadstimar dei står bak?

Du har kanskje oftare med ein stiftelse å gjer enn du tenker over. Det er rundt 6500 stiftelsar i Noreg. Dei siste åra har stiftelsane blitt færre, men større.

Her er nokre fakta om norske stiftelsar du kanskje ikkje visste:

  • Dei deler ut stadig meir pengar. I 2019 delte dei ut 5,8 milliardar kroner. I 2018 6 milliardar kroner, og i 2014 4 milliardar kroner.
  • Norske stiftelsar hadde nær 4 millionar dugnadstimar i 2019, og organiserte nesten 100 000 frivillige.  
  • Det er 41 000 tilsette i norske stiftelsar. 

Stadig fleire nordmenn meiner at stiftelsar er viktige for samfunnet:  

  • 6 av 10 nordmenn meiner at stiftelsar er viktige for samfunnet, viser ei undersøking Respons Analyse gjorde for oss i 2020. Dette er fleire enn i 2019. Då meinte 50 prosent det same.  
  • Dei tre største årsakene til kvifor dei meiner at stiftelsar er viktige for samfunnet er at dei støttar gode formål og hjelper andre.  
  • Dei fleste forbinder stiftelsar med arbeid med gode formål, stipend eller økonomisk støtte, veldedighet og forvaltning av pengar og verdiar. Det er også mange som assosierer stiftelsar med humanitært arbeid og bistand.  
Fakta om stiftelsar:
  • Ein stiftelse har ingen eigarar, og er oppretta for å realisere eit eller fleire bestemte formål.  
  • Når stiftelsen er oppretta skal kapitalen gå til formålet, og det er formålet som eig stiftelsen.  
  • Styret skal sørge for at formålet let seg realisere. 
  • Stiftelsestilsynet fører tilsyn og kontroll med at stiftelsane blir forvalta i tråd med lover og vedtekter. Ei anna viktig oppgåve for oss er å bidra til at stiftelsar er ein attraktiv måte å utvikle samfunnet på.   

Vi meiner at:  

  • Stiftelsar er svært viktige bidragsytarar i det norske samfunnet, og er med på å drive det framover. 
  • Stiftelsar si frie stilling kan vere med å innovere offentlege og private tenester, ved å spisse tema, satsingar og nye former for samarbeid.  
  • Det må skje ei offentleg utgreiing av norske stiftelsar si rolle i samfunnet i dag og kva rolle dei kan ha framover.