Skal du opprette en ny stiftelse må du legge ve en del sentrale dokumenter i søknaden.
Dersom de skal opprette ein ny stiftelse må de ha desse dokumenta klare:
- Stiftelsesdokument (ev. testamente)
- Vedtekter
- Revisorerklæringar
- Opningsbalanse
Registrer ny stiftelse
Gå til Altinn for å registrere ein ny stiftelseHer kan du sjå nyttige hjelpemalar:
- Eksempel på oppretting av stiftelse.
- Eksempel på minimumsvedtekter i ein stiftelse.
- Eksempel på vedtekter i stiftelse med et annet organ enn styret.
Her kan du finne hjelpemal til kva du skal legge ved søknaden om nyregistrering.
Ein stiftelse er ei eiga selskapsform. Les meir om krav til styresamansetning, dagleg leiar og andre myndigheiter eller organ gitt i vedtektene.
Tidspunkt for oppretting og registrering
Stiftelsar blir rekna som oppretta når stiftelsesdokumentet er klart. Dersom stiftelsen er etablert ved testament, blir testamentet sett på som stiftelsesdokumentet og stiftelsen blir rekna oppretta på tidspunkt for dødsfall.
Alle stiftelsar skal registrerast i Stiftelsesregisteret, og det er styret som er ansvarleg for å melde registrering innan tre månader etter at stiftelsen er oppretta.
Registreringa skal meldast via samordna registermelding i Altinn. Brønnøysundregistrene vil då tildele stiftelsen eit foreløpig organisasjonsnummer før dei sender alle dokumenta vidare til Stiftelsestilsynet for behandling.
Grunnkapital
Du kan i utgangspunktet opprette ein stiftelse dersom ein formueverdi på minst 100 000 kroner blir stilt sjølvstendig til stiftelsens råderett, og stiftelsen har eit bestemt og langvarig formål. Næringsdrivande stiftelsar må ha ein formuesverdi på minst 200 000 kroner ved opprettinga.
Stiftelsestilsynet er finansiert av brukarane gjennom ei årleg avgift frå stiftelsane. Det er også gebyr ved nyregistrering, sjå §3 i forskrift til stiftelseslova eller les meir om gebyr og avgift .