Etter studiar i Trondheim og Bergen kom han tilbake som trainee.

– Det er jo litt artig at eg faktisk har endt opp her, seier Trym Eriksen Høgelid.  

Det er ikkje alle som har hatt greie på samfunnsoppdraga til Lotteri- og stiftelsestilsynet sidan dei gjekk på barneskulen. (Det er heller ikkje noko krav for å jobbe her altså, helsing HR- avdelinga).

Men Trym var med faren på jobb. I tillegg til at han spelte Xbox på diverse møterom og gjekk amok med faren sin fancy kalkulator, fekk han innblikk i kva Lotteri- og stiftelsestilsynet jobba med.  

– Eg visste at Lotteritilsynet dreiv med speleautomatar og var ute på tilsyn. Så kom jo Stiftelsestilsynet. Det var litt meir komplisert for ein 10- åring å forstå stiftelseslova.  

Kva driv Lotteri- og stiftelsestilsynet med?

Samfunnsoppdraget vårt er å sikre ansvarlege pengespel, ei sterk frivilligheit og trygge stiftelsar. Det betyr blant anna at vi skal passe på at norske pengespeltilbydarar driv i samsvar med lova, og stoppe selskap som ikkje har lov å tilby og marknadsføre pengespel i Noreg. Vi jobbar også mot kampfiksing.

Det er rundt 6300 stiftelsar i Noreg, og vi har tilsyn og kontroll med at dei følger lova. Og når nokon vil opprette, avvikle eller endre ein stiftelse er det vi som behandlar søknaden.

Dessutan forvaltar vi fleire støtteordningar til frivillige lag og organisasjonar. I fjor betalte vi ut 4,3 milliardar kroner.

Å flytte tilbake til Førde blei raskt ein opptur

Etter bachelorgrad i Informatikk ved NTNU i Trondheim og økonomistudium i Bergen begynte Trym å leite etter ein spennande jobb. Men det var vanskeleg å komme seg ut i arbeidslivet i konkurranse med folk med meir arbeidserfaring.  

Trym flytta heim til Sunnfjord, og søkte på jobbar her.  

– Eg har jo sagt tidlegare at eg aldri skulle bu i Førde. Det var litt nedtur å flytte tilbake, men det blei raskt ein skikkeleg opptur.  

For etter at han søkte på ein fast jobb i Lotteri- og stiftelsestilsynet ringte Falk Michael Tewes, som er sjef for IT og dokumenthandtering. Han tipsa om at det skulle komme ei traineestilling i avdelinga. Trym søkte, og fekk den.  

Traineeåret var veldig lærerikt. Eg fekk raskt mykje ansvar. Det var jo ei tillitserklæring eg sette pris på. Det var faglege utfordringar kvar dag, som det var kjekt å jobbe med å løyse.  

Trym skildrar kollegaene som ein god miks, som tok godt imot han frå dag ein.  

– Folka her er veldig imøtekommande, og det er veldig lett å slå av ein prat med alle. Det er ein kunnskapsrik gjeng. Om du lurer på noko blir du ikkje møtt med at det er eit dumt spørsmål, du får ei god forklaring. Eg kan utfordre, det er lov å ha eit friskt blikk. Det synst eg er veldig bra. 

Då traineeåret var ferdig hadde vi lyst å behalde Trym, og han hadde lyst å bli. Heldigvis dukka det opp eit vikariat.  

– Traineeopplegget er gull verdt

Trym fortel at han sit igjen med veldig mykje frå traineeåret.  

– Det er noko med den aller første arbeidserfaringa. Du er ny i arbeidslivet, og blir tatt godt vare på. Og du får ansvar for ein god del ting, og det er kjekt, men ikkje press.  

Bilde av Trym Eriksen Høgelid framfor Eiffeltårnet i Paris
Trym og fleire andre i traineekullet tok nokre dagar i Paris på veg til traineesamling i Brussel.

Fleire av dei han var i kull med er framleis i Førde.  

– Vi er blitt ein god gjeng. Det å bu i Førde er ganske bra. Det er korte avstandar til alt, fjell på alle sider, og ikkje lange vegen til ein slalåmbakke eller langrennsløyper på vinteren. Du kan ta deg ein kveld på byen. Det er rolegare enn i storbyen, og det set eg pris på.  

Fekk du lyst til å bli trainee?

Akkurat no er vi på leit etter ein jurist til Stiftelsestilsynet. Dei fører tilsyn og kontroll med norske stiftelsar, og du får jobbe med nokre av landets fremste ekspertar på stiftelseslova. Sjekk ut stillinga her.

Vi har også andre ledige stillingar. Dei kan du finne her.