Vilde Grimseth Halbrend jobba i Stiftelsestilsynet mens ho skreiv masteroppgåve. Les bloggen hennar.

Det siste halvåret har eg jobba deltid ved Stiftelsestilsynet medan eg har skrive ei masteroppgåve i juss. Som konsulent har eg fordjupa meg i rettsspørsmål som er ukjende for mange, saman med nokre av dei fremste ekspertane innan stiftelsesrett.

Vi arbeider i team, og eg har aldri følt meg åleine om ei sak. Teamarbeid, opne dører, velvillig kunnskapsdeling og eit stort engasjement skaper ein arbeidskultur som legg til rette for fagleg utvikling og gode relasjonar. Arbeidskulturen sin grunnmur er fellesskapet rundt samfunnsoppdraget: å trygge stiftelseforma.

For å trygge stiftelsesforma, utfører vi varierte, artige og krevjande arbeidsoppgåver.

På nabokontoret sit kollegaar med regelverksarbeid, utgreiingar og statistisk arbeid. På kontoret over gangen, har ein kollega eit tilsyn med ein stiftelse. Ein anna kollega sit med avgrensa områder som gjeld dekningslova, arvelova og samvirkelova.

Dagleg får tilsynet nye problemstillingar, som krev grundige juridiske vurderingar, diskusjonar og prinsipielle avgjerder. Nokre av problemstillingane har eg hatt gleda av å vere med på å avgjere.

Eg behandla i hovudsak søknadar om å endre og avvikle stiftelsar. I tillegg har eg skrive to utgreiingar. Mykje av tida går også til rettleiing om stiftelsesrettslege spørsmål. Arbeidet består av skjønnsmessige vurderingar, der eg får bruk for eit vidt spekter av lærdommen frå jussutdanninga.

Leiinga har lagt godt til rette for at eg har kunne skrive masteroppgåva mi ved sidan av jobb. Eg fekk tildelt eit visst tal arbeidstimar, og fekk legge opp vekene og dagane som eg sjølv ynskja. Normalt jobba eg deltid fire dagar, men møtte på kontoret fem dagar i veka. Under masterskrivinga har kollegaane mine kome med gode råd, tips og støttande ord. Ein kollega las også oppgåva, og gav innspel til struktur og formuleringar – noko eg er svært takksam for. Ein fleksibel arbeidsgjevar og støttande kollegaar har gjort at eg sit att med ei svært god erfaring av å skrive master ved sidan av ordinær jobb.

Eg er ikkje i tvil om at eg kjem til å ha bruk for kunnskapen eg har tileigna meg hos Stiftelsestilsynet vidare i arbeidslivet. Deltidsjobben har gjeve meg innsikt i eit mangfaldig næringsliv, som for få kjenner til. Eg har tileigna meg kunnskap om kva stiftelsar er, korleis dei er organiserte, kva utfordringar dei står ovanfor og om rettsleg regulering av stiftelsar. I tillegg har eg fått god erfaring med juridisk rettleiing av private aktørar.

Eg sit att med ein spisskompetanse, som det er stor bruk for i det juridiske miljøet. Spisskompetansen har truleg medverka til at eg frå nyåret har fått jobb som advokatfullmektig i eit av Noregs største advokatfirma. Eg gler meg til det arbeidslivet har å by på, og ser meg gjerne som arbeidstakar hos Stiftelsestilsynet seinare i arbeidslivet.