Desse karane har til saman seks born, og peikar mellom anna på «fleksibel og familievenleg» arbeidsplass når dei får spørsmål om kva som er så bra med å jobbe i Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Eirik Haugen Tysse (39) og Kristian Johnsen Hjetland (36) er to heimflytta førdianarar etter studiar i Bergen.

– Eg er utdanna jurist og jobba som advokat frå 2010 – 2013, fortel Eirik.
Han treivst for så vidt med det, men då det dukka opp ein moglegheit hos Stiftelsestilsynet i 2013, var han ikkje vond å be.

– Det handla litt om arbeidsmiljø og impulsar. Lotteri- og stiftelsestilsynet er kanskje regionens største arbeidsplass for juristar, og den sosiale biten spelar ei stor rolle for meg, fortel Eirik

I Lotteri- og stiftelsestilsynet jobbar det i underkant av 90 personar med mange ulike bakgrunnar, og Tysse vil beskrive organisasjonsstrukturen som «flat og sjølvgåande».

– Her på huset er det mange gamle travarar, som er ekspertar på sine fagområde. Alle har tid til å dele av tida og kunnskapen sin når ein treng hjelp, og ein er opptekne av å spele kvarandre gode.

Kristian Johnsen Hjetland stiller seg bak den påstanden.

– Eg er utdanna siviløkonom og revisor, og jobba med revisjon etter studiane. Det var fint det, men etter kvart som eg vart småbarnsfar, så passa det betre med livssituasjonen med ein jobb i Lotteritilsynet.

Sunnfjords beste arbeidsplass?

Kristian har vore hos oss sidan 2019, og jobbar ilag med Eirik på avdelinga for pengespel i Lotteritilsynet. Nærare bestemt jobbar dei for å avdekke ulovleg kampfiksing. Meir om det seinare.

Mellom bleieskift og timane på jobb prøver både Eirik og Kristian å halde seg aktive, og dei er begge flittige brukarar av klatresenteret på Vie i Førde. På vinteren er det toppturar i Sunnfjordsalpane som gjeld når høvet byr seg.

– Vi er ein gjeng med kollegaer som går turar i lag, og nokre gongar har vi vore på topptur før jobb, seier Eirik.

Her er Eirik og to kollegaer på Tindefjellet i Jølster førre vinter.

Det må bety at han endå ikkje er lei av kollegaene sine, etter ti år hos same arbeidsgjevar. Dette fører oss naturleg vidare til å høyre med desse smørblide karane om kva dei eigentleg meiner om Lotteri- og stiftelsestilsynet som arbeidsplass.

– Heilt ærleg? Eg har ikkje noko vondt å seie om arbeidsplassen. Vi har gode velferdsordningar, med to timar trening i arbeidstida i veka i vinterhalvåret og ein time i sommarhalvåret. Det er fleksibelt her, og folk er rause med kvarandre, seier Eirik.

Kristian er einig.

– Dette er ein svært familievennleg arbeidsplass, og eg har ingen planar om å flytte på meg, seier Hjetland.

Det har ikkje Eirik heller, og han har meir på hjartet:

Lotteri- og stiftelsestilsynet har eit nasjonalt nedslagsfelt, i tillegg til at mange av oss er involvert i internasjonalt samarbeid. Vi har eit stort ansvar, og jobbar med spennande fagområde. Eg kan ikkje forstå noko anna enn dette må vere Sunnfjords beste arbeidsplass.

Eirik Haugen Tysse, jurist og seniorrådgivar i Lotteritilsynet

Fjerdeplass i første lovlege poker-NM

Det var ikkje heilt tilfeldig at Eirik etter kvart hamna på avdelinga for pengespel. Han har faktisk ein fjerdeplass i første lovlege poker-NM, som vart arrangert i 2015.

– Det passar betre for meg å vere på denne avdelinga enn hos Stiftelsestilsynet, sidan eg er har mykje realkompetanse å bidra med, seier Eirik med eit glimt i auget.

Han meiner ikkje alvor, men det er likevel noko i det. Eirik og Kristian jobbar begge i kampfiksingseininga, som mellom anna overvakar idrettsarrangement og skal avdekke mogleg kampfiksing.

– Eg har alltid hatt stor interesse for sport og spel, og det er ein fordel i jobben å vite korleis mekanismane i marknaden fungerer, seier Eirik.

I jobben følgjer Eirik og Kristian opp tips som kjem inn, med bistand frå ulike aktørar som overvakar oddsbevegelsar. Eininga i Førde er koordinator for arbeidet mot kampfiksing i Norge.

– Vi samarbeider tett med departement, Norges idrettsforbund, Norges Fotballforbund, Økokrim, og Norsk Tipping for å nemne nokon, seier Kristian.

Her får Eirik ein gjennomgang frå Kristian om kampfiksings-tips som er komme inn.

Skal halde innlegg i Athen

I tillegg til å jobbe nasjonalt, samarbeider dei også med internasjonale aktørar.

– Eg sit i oppfølgingskomiteen, som følger opp landa si forplikting til kampfiksingskonvensjonen. I november reiser eg til Athen for å delta på eit komitémøte, der mellom anna FIFA, IOC og Interpol er inviterte. Eg skal halde innlegg om korleis vi jobbar mot kampfiksing hos oss, fortel Eirik.

Kristian sit i styret i nettverket av nasjonale plattformar mot manipulering av idrettskonkurransar, og var tidlegare i år på møte i Strasbourg.

– For meg som har idrett som interessefelt, så var det midt i blinken å gå kunne rett inn i jobben mot kampfiksing, kor eg også får brukt analytiske verktøy, seier Kristian.

Dei jobbar ikkje berre med kampfiksing. Eirik har mellom anna ansvar for poker-feltet.

– Sjølv om eg no har vore her i mange år, så opplever eg framleis å ha ein variert arbeidskvardag, seier Eirik avslutningsvis.