Tillitsmann

Når overdragar ikkje sjølv har oppnemnt tillitsmann, må du sende søknad om oppnemning av tillitsmann til Stiftelsestilsynet, jf. dekningslova § 3-4. Dersom det går fram av til dømes testament kven som skal vere tillitsmann, treng du ikkje søkje om slik oppnemning.

Dersom oppnemnd tillitsmann er blitt hindra i å utføre vervet, ønskjer fritak for vervet, eller ikkje utfører det på forsvarleg måte, kan tillitsmannen eller eigar av dei beslagsfrie midlane søkje om oppnemning av ny tillitsmann. Overdragar kan likevel ha bestemt at det ikkje skal vere mogeleg å skifte tillitsmann, og ei slik føresegn må i utgangspunktet respekterast.

Kven kan søke om oppnemning av tillitsmann?

Ved første gangs oppnemning av tillitsmann er det eigar av dei beslagsfrie midlane som må søke om oppnemning av tillitsmann. Den som er foreslått oppnemnt som tillitsmann, kan sjølvsagt søkje på vegner av eigar av midlane. Dersom ein ønskjer oppnemning av ny tillitsmann, kan både eigar av midlane og tidlegare oppnemnt tillitsmann søke om endring.

Kven kan oppnemnast som tillitsmann?

Stiftelsestilsynet kan oppnemne anten ein bank, ein advokat eller fylkesmannen som tillitsmann. Stiftelsestilsynet kan ikkje oppnemne andre som tillitsmann.

Forskrift om tillitsmannens regnskapsplikt ved forvaltningen av beslagsfrie midler, og om fylkesmannens plikt til å være tillitsmann ved beslagsforbud, § 2, regulerer fylkesmannen si plikt til å ta på seg vervet som tillitsmann:

Fylkesmannen har slik plikt, med mindre:

  • dei beslagsfrie midlane omfattar anna enn pengar og verdipapir, eller
  • overdragaren har gitt reglar for forvaltninga av dei beslagsfrie midlane som avvik frå dei reglane som gjeld for forvaltning av umyndige sine midlar, eller
  • den som skal ha midlane, bur utanfor kommunen


Søknaden om oppnemning av tillitsmann skal innehalde:

  • kopi av dokumentet der beslagsforbodet er nedfelt
  • framlegg til tillitsmann
  • viljeserklæring frå foreslått tillitsmann
  • oversyn over midlane som er underlagt beslagsforbod
  • ved søknad om oppnemning av ny tillitsmann: uttale frå oppnemnt tillitsmann

Tillitsmannen sine oppgåver:

  • er regulert av dekningslova kapittel 3 og av forskrift om tillitsmannens regnskapsplikt ved forvaltningen av beslagsfrie midler, og om fylkesmannens plikt til å være tillitsmann ved beslagsforbud.
  • skal sikre rettsvern, også dersom eigedelar omfatta av beslagsforbodet vil bli omdanna
  • skal føre nøyaktig oppsett over kva eigedelar som til ei kvar tid er omfatta av beslagsforbodet
  • skal forvalte beslagsfrie pengar og verdipapir som er overlevert til han
  • skal føre tilsyn med beslagsfrie eigedelar som mottakar rår over
  • skal ta i vare mottakaren sine interesser samtidig som han skal sjå til at ikkje mottakar ved hjelp av beslagsforbodet prøver å unndra andre midlar frå kreditorane
  • skal føre rekneskap over dei beslagsfrie midlane
  • der avkastninga er beslagsfri: dele ut denne til mottakar

Tillitsmannen kan ta seg betalt for arbeidet i samsvar med alminnelege advokatsatsar, jf. forskrifta.