Bandlagt pliktdelsarv

Pliktdelsarv kan badleggast jf. arvelova § 32.

Kva er pliktdelsarv?

To tredjedelar av formuen til arvelataren er pliktdelsarv for livsarvingane. Pliktdelsarven er likevel aldri større enn 1 000 000 kr til kvart av barna, jf. arvelova § 29 første ledd. Arv ut over dette er ikkje pliktdelsarv. Arvelatar står fritt til å velje korleis han vil disponere arv som ikkje er pliktdelsarv.

Kva er bandlegging?

Bandlegging er når arvelatar bestemmer at dei tinga eller pengane du arvar, skal brukast på ein bestemt måte. Til dømes kan arvelatar bestemme at midlane du arvar, berre skal kunne brukast til kjøp av bustad. Arvelatar kan også bandleggje arven på den måten at kreditorane ikkje skal kunne ta beslag i dei midlane du har arva (beslagsforbod). Bandlegginga må gjerast i testamentet.

Kven bestemmer over pliktdelsarven?

Utgangspunktet er at arvelatar ikkje kan bestemme over pliktdelsarven, jf. arvelova § 29 andre ledd. Arvelatar kan i testamentet – ”… i særlege tilfelle, og når omsynet til arvingen taler for det …” – likevel bestemme korleis pliktdelsarvmidlane skal brukast. Det er dette som er bandlegging. Arvelatar kan såleis berre bandleggje pliktdelsarven dersom det ligg føre ”særlege tilfelle”.

Tillitsmann

Det skal oppnemnast tillitsmann for pliktdelsarven som er bandlagt.

Særlege tilfelle?

”Særlege tilfelle” betyr at det berre er i heilt spesielle tilfelle at arvelatar kan bestemme over pliktdelsarven. Som døme på kva som kan reknast som ”særlege tilfelle”, er det i juridisk litteratur nemnt tilfelle der arvingen er sinnslidande, psykisk utviklingshemma eller rusmisbrukar, eller dersom slike tilfelle ligg føre hjå ektefellen til den som arvar (Peter Lødrup, Arverett, 4. utgåve, s. 110). Dersom du meiner at det ikkje ligg føre særlege tilfelle, kan du søkje Stiftelsestilsynet om at pliktdelsarven ikkje lenger skal vere bandlagt. Stiftelsestilsynet vil då vurdere om dei særlege tilfella ligg føre på det tidspunktet du søkjer.

Den som har arva eller den som rår over midlane, til dømes tillitsmannen, kan søkje om at bandlegginga av pliktdelsarven blir oppheva. Du sender søknaden til Stiftelsestilsynet, med følgjande vedlegg:

  • Uttale frå slektningar eller andre som har stått arvelatar nær.
  • Dokumentasjon: Det forholdet, eller dei forholda, som arvelatar meinte låg føre som ”særlege tilfelle”, må dokumenterast å vere endra, slik at ”særlege tilfelle” ikkje lenger ligg føre. Dersom det til dømes var rusmisbruk eller sinnslidingar som var ”særlege tilfelle”, må du leggje ved legeerklæring på at dette ikkje lenger er tilfellet.


Bruk hjelpeskjema som sjekkliste for søknad om oppheving av bandlagt pliktdelsarv: