Beslagsforbod vil seie at den som du skuldar pengar, ikkje kan ta beslag i den delen av midlane dine som er gjort beslagsfrie. Det skal oppnemnast tillitsmann for midlane som blir gjort beslagsfrie. Den som eig midlane, vil berre rå over avkastninga til midlane.

Beslagsforbod er eit døme på ei bandlegging. Stiftelsestilsynet kan etter søknad, gjere om, eller oppheve, ei bandlegging.

Stiftelsestilsynet kan omdanne beslagsforbod

Stiftelsestilsynet kan omdanne beslagsforbod og vedta beslagsfridom etter dekningslova. Det er også Stiftelsestilsynet som nemner opp tillitsmann ved disponering av midlar.

For bandlegging av pliktdelsarv gjeld særlege reglar, sjå arvelova § 32.

Du kan søkje om omdanning av eit beslagsforbod, jf. dekningslova § 3-5. Dette betyr at ein endrar den føresegna som ligg til grunn for beslagsforbodet. Ei endring kan til dømes gå ut på at avkastning omfatta av beslagsforbodet blir gjort beslagsfri, eventuelt at beslagsforbodet blir oppheva.

Kven kan søke om omdanning?

Det er den som er eigar av midlane, som må søkje om omdanning. Tillitsmannen kan sjølvsagt hjelpe til med å utforme og sende inn søknaden.

Søknaden skal innehalde:

  • opplysningar om bakgrunnen for at beslagsforbodet er vedteke
  • uttale til søknaden frå opprettar av beslagsforbodet eller nærståande til opprettar viss dette er råd
  • uttale frå tillitsmann
  • grunngjeving for at vilkåra for omdanning er oppfylte, jf. stiftelseslova § 46 første ledd
  • opplysningar om søkjar sin noverande økonomiske situasjon stadfesta med f.eks. utskrift av siste års sjølvmelding

Bruk hjelpeskjema som sjekkliste til søknad om oppheving av privat beslagsforbod: