Lotteri- og stiftelsestilsynet er Miljøfyrtårn-sertifiserte.

Dette inneber at vi har ein miljøstandard og rutinar som er vurdert å vere i samsvar med kriteria som må vere oppfylt.

Sertifiseringsordninga skal hjelpe bedrifter med å dokumentere og forbetre arbeidet med miljø og samfunnsansvar. Sertifiseringa har mellom anna bidrege til at vi har gjennomført fleire heilt konkrete tiltak:

  • Etablering av ein ny policy for klima og miljø.
  • Nye og oppdaterte rutinar for avfallshandtering.
  • Oppdatert prosedyre for innkjøp, anbod og prisførespurnad.

Desse tiltaka bidreg til at vi vert ein meir berekraftig stad å jobbe. Gjennom å vere miljøfyrtårn har vi forplikta oss til å halde fram med å redusere miljøpåverknaden vår. Dette veit vi er viktig for våre interessentar og potensielle arbeidstakarar.