Internasjonal aktivitet

Pengespelmarknaden blir stadig meir global, og internasjonalt arbeid blir stadig viktigare.

Vi er avhengige av å sikre at både internasjonale kollegaer og pengespelbransjen har tilstrekkeleg kunnskap om den norske modellen og dei verktøya vi har for å redusere pengespelproblem. Dette er viktig for at regelverket vårt skal ha ønskt effekt.

Internasjonal dialog og samarbeid

Vi har jamleg dialog med styresmakter og bransjeaktørar frå andre delar av verda, og vi deltar på internasjonale møter og talar på konferansar. Dialog og samarbeid med internasjonale kollegaer gjer oss betre rusta til å beskytte pengespelmarknaden vår, men også til å hauste erfaringar frå andre marknadar.

Konkurrentane til Norsk Tipping og Norsk Rikstoto er store, internasjonale pengespelselskap som trass det norske forbodet aktivt jobbar med å rekruttere norske kundar. Det er i dag fleire styresmakter som stiller krav om at operatørar som søker lisens i deira jurisdiksjon må respektere reguleringa i andre land og halde seg ute av marknader der dei ikkje er ønskte. Difor er det viktig at vi informerer desse styresmaktene dersom deira lisensinnehavarar bryt norske reglar.

Det internasjonale arbeidet er også viktig fordi spillindustrien i stadig større grad blir påverka av den teknologiske utviklinga. I tillegg blir marknaden blir meir og meir globalisert.

Til stades internasjonalt

Vi deltar jamleg i internasjonale forum og konferansar. Tilsette i Lotteri- og stiftelsestilsynet er også aktive i organisasjonane:

  • IAGR (International Association of Gaming Regulators)
  • GREF (Gaming Regulators European Forum)
  • WLA (World Lottery Association)
  • EFC (European Foundation Centre)

I tillegg har vi god dialog med fleire internasjonale kollegaer om konkrete problemstillingar som er viktige for arbeidet vårt, det siste året mellom anna med styresmakter og andre fagpersonar i Finland, Danmark, Sverige, USA og Storbritannia.

Lotteritilsynet er og representert i ei faggruppe i Verdas Helseorganisasjon (WHO). Faggruppa vart etablert i 2019 og arbeider med folkehelse, pengespel og pengespelproblem.

Stiftelsestilsynet deltar i internasjonalt samarbeid

European Foundation Centre er ein medlemsorganisasjon for stiftelsar i Europa. Dei jobbar for stiftelsar sine interesser og har eit nettverk av medlemmer i over 30 land, inkludert Norge. EFC vil styrke stiftelsane gjennom erfaringsutveksling og kunnskapsdeling og auke merksemda rundt stiftelsane sine bidrag til samfunnet. Dette grensar til Stiftelsestilsynets arbeid med kunnskapsdeling og synleggjering av stiftelsane sitt samfunnsbidrag.

I samband med kartlegging av stiftelsesrettsleg lovverk i Europa er Stiftelsestilsynet tatt med som ekspert av European Foundation Centre.

Vi ser at det er auka interesse for stiftelsane sitt samfunnsbidrag både nasjonalt og internasjonalt. Vårt inntrykk er at stiftelsane er meir opptekne av dette og ønskjer å vise at dei gjør ein forskjell i samfunnet. Strategisk samarbeid er difor viktig for å styrke stiftelsane og synleggjere deira samfunnsbidrag.