Mange spør oss om ulike konkurransar, giveaways eller andre liknande konsept er lov. Typiske spørsmål handlar om

  • gratis deltaking
  • konkurransar i sosiale medium der du må følgje, like eller kommentere
  • kjøp av varer til ordinær pris
  • betaling for å delta i konkurransar

Korleis kan du vurdere om konkurransen er eit lotteri eller pengespel?

Du kan sjølv vurdere dette ved å svare på desse tre spørsmåla:

  1. Må du betale for å delta?
  2. Kan du vinne noko som har økonomisk verdi?
  3. Er det tilfeldig kven som vinn?

Dersom svaret er ja på alle tre spørsmåla er konkurransen truleg eit lotteri.

Tre vilkår må vere oppfylte for at ein konkurranse skal bli rekna som eit lotteri etter pengespelregelverket: Deltakarane kan mot ein innsats vinne ein premie av økonomisk verdi, og resultatet er heilt eller delvis tilfeldig.

Innsats

«Innsats» betyr at du må betale for å delta i konkurransen. All betaling utover vanleg pris for vara eller tenesta er å rekne som innsats.

Premie av økonomisk verdi

Ein premie kan vere pengar, gjenstandar eller andre gode som har økonomisk verdi. Etter pengespellova kan alt som har økonomisk verdi, bli rekna som premie.

Tilfeldig utfall

Konkurransen må også ha eit heilt eller delvis tilfeldig utfall. Dersom utfallet av konkurransen er utanfor den enkelte sin kontroll, vil konkurransen ha eit heilt eller delvis tilfeldig utfall. Eit eksempel på dette er der vinnaren blir kåra ved trekning eller gjetting. Lova vil også omfatte andre framgangsmåtar som gir eit heilt eller delvis tilfeldig utfall for kåring av vinnar.

Kven er ansvarlege for regelverket om konkurransar i Noreg?

​Forbrukertilsynet fører tilsyn med fleire reglar som er aktuelle ved marknadsføring av konkurransar. Sjå Veileder for bruk av konkurranser i markedsføring av varer og tjenester.

Lotteritilsynet har ansvar for pengespelregelverket og tilsyn med konkurransar som er utforma som eit lotteri eller pengespel.

Ofte stilte spørsmål og svar om konkurransen kjem under pengespelregelverket

Her finn du svar på spørsmål vi ofte får om når konkurransen blir rekna som eit lotteri eller pengespel. Ver merksam på at konkurransar også kan vere omfatta av regelverk ar som andre myndigheiter har ansvar for.

Blir betaling av medlemskap rekna som innsats?

Enkelte konkurransar er utforma slik at deltaking føreset medlemskap og betalt medlemskontingent. Medlemskap og medlemskontingent blir ikkje rekna som innsats. Dersom medlemskapet i realiteten er knytt til deltaking i pengespel, kan betalinga derimot bli rekna som innsats.

Er det innsats om eg betaler vanleg pris for tenesta og er med i trekning?

Nei. Dersom du betaler vanleg pris for den vara eller tenesta og ikkje betaler noko ekstra for å delta i konkurransen, blir betalinga normalt ikkje rekna som innsats. Det same gjeld om deltakinga er heilt gratis, då er det eit gratislotteri.

Blir betaling for inngang eller servering rekna som innsats?

Betaling for inngang, servering eller andre ytingar, kan bli rekna som innsats dersom betalinga reelt sett er ein føresetnad for å delta.

Kan eg be kundane handle for eit bestemt beløp for å vere med i trekninga?

Ja. Dersom kunden kjøper varer til vanleg pris og ikkje betaler noko ekstra for å delta i trekninga, vil betalinga normalt ikkje vere innsats etter pengespellova.

Kan eg ha ein giveaway der vinnaren blir trekt tilfeldig?

Ja, dersom det er gratis å delta. Ein giveaway med tilfeldig utfall er ikkje eit pengespel dersom deltakarane ikkje betaler ein innsats for å vere med.

Kan vi be deltakarane i ein konkurranse følgje ein konto, like eller kommentere i sosiale medium?

Ja. Dersom det er gratis å delta, er ikkje konkurransen eit lotteri etter pengespelregelverket. Andre reglar kan likevel gjelde for marknadsføring og bruk av konkurransar i sosiale medium.

Blir kunnskapskonkurransar vurdert som tilfeldig utfall?

Konkurransar med spørsmål og svaralternativ vil innehalde eit element av tilfeldig utfall ved at deltakarane kan få rett svar ved å gjette svaralternativ. Dette gjeld sjølv om sjansane for å vinne ved gjetting kan vere svært små.

Kunnskapskonkurransar utan svaralternativ kan bli rekna som reine kunnskapskonkurransar og dermed falle utanfor pengespelomgrepet dersom:

  • spørsmåla er reelle kunnskapsspørsmål der det rette svaret kan dokumenterast i etterkant.
  • deltakarane svarer på dei same spørsmåla i same rekkefølge.
  • deltakarane får like lang tid på å svare

Kunnskapskonkurransar kan også kombinerast med prøving av deltakaranes reaksjonsevne, slik at den eller dei som svarar rett på eitt eller fleire spørsmål på kortast tid,  vinn konkurransen. 

Blir ferdigheitskonkurransar vurdert som tilfeldig utfall?

Ferdigheitsspel kan vere utforma på mange ulike måtar. Det kan eksempelvis være underhaldningsprega spel som krev reaksjonsevne eller presisjon.

Generelt må konkurransen gi lik motstand til alle deltakarane. Vilkåra for deltaking i konkurransen og moglegheita til å vinne må vere dei same for alle.

Dersom desse vilkåra ikkje er til stades, kan utfallet av heilt eller delvis vere avhengig av forhold utanfor kontrollen til den enkelte deltakar. Konkurransen kan då ha eit heilt eller delvis tilfeldig utfall.

Blir kreative konkurransar rekna som tilfeldig utfall?

I enkelte konkurransar blir vinnaren kåra på bakgrunn av det beste bidraget i ein kreativ konkurranse. Konkurransen kan for eksempel gå ut på å sende inn det beste slagordet, bildet eller essayet. Desse vilkåra må vere oppfylt for at det ikkje blir rekna som tilfeldig utfall:

  • Prestasjonane til deltakarane blir vurderte etter klare kriterium som er fastsette på førehand.
  • Konkurransen krev ein reell kreativ innsats frå deltakarane
  • Ein kvalifisert jury kårar vinnaren etter ei reell vurdering av bidraga
  • Dersom konkurransen handlar om kreativitet, men desse vilkåra ikkje er oppfylte, kan konkurransen ha eit delvis tilfeldig utfall.

Krava skal mellom anna hindre at kreative konkurransar blir brukt til å omgå pengespellova. Dersom krava ikkje er oppfyllte, kan konkurransen vere så sjanseprega at den kreative innsatsen får for lite betydning. Ein konkurranse om å sende inn “den beste vitsen” kan til dømes vere vanskeleg å vurdere etter tilstrekkeleg objektive kriterium.  

Regelverket

Dersom konkurransen er eit pengespel må du ha løyve før konkurransen blir arrangert jf. pengespellova § 4. Det er også forbode å marknadsføre eller medverke til å marknadsføre pengespel som ikkje er tillate jf. pengespellova § 6.

Den norske pengespelmarknaden er regulert av pengespellova. Det fremste målet med lova er å forebygge speleproblem og andre negative konsekvensar av pengespel. Lova skal også sikre at pengespel blir gjennomført på ein ansvarleg og trygg måte, og at overskot frå pengespel går til ikkje-fortenestebaserte formål, jf. pengespellova § 1.

Ved brot på pengespellova har Lotteritilsynet ulike reaksjon- og sanksjonsmoglegheiter.