Kringkastarar som er førehandsgodkjent til å tilby eller motta overskot frå pengespel, skal kvart år levere inn rekneskapsopplysningar innan 1. juni.
Skjema i Altinn blir opna for rapportering i februar/mars kvart år. Godkjente kringkastarar må sende inn rekneskapsskjema sjølv om de ikkje arrangerte radio eller tv-bingo i 2025.
Korleis skal du rapportere?
Du skal rapportere for føregåande rekneskapsår (fjoråret).
Rekneskapen kan berre rapporterast elektronisk via Altinn-skjemaet under, jf. pengespelforskrifta § 88.
Rapporter rekneskap
Pliktig rekneskapsskjema for førehandsgodkjende organisasjonar (LT-R-001)
Gå til rapporteringsskjema i AltinnHar de fått varsel om tilbakekalling av godkjenninga?
Kringkastarar som ikkje har levert rekneskapsopplysningar innan fristen 1. juni har fått varsel om tilbakekalling av godkjenninga. De kan likevel behalde godkjenninga om de rapporterer rekneskap innan 14. august. Då vil ikkje det varsla vedtaket bli gjennomført. De kan rapportere via Altinn sjølv om fristen er gått ut.
Kva må du rapportere?
Kringkastar skal rapportere totale inntekter og totale kostander, samt overskudd fra radio og/eller tv-bingo.
De må også gi ei kort oversikt over korleis inntektene frå pengespel blei disponert.
OBS! Dersom endringar gjer at de ikkje lenger oppfyller vilkåra, kan vi kalle tilbake godkjenninga og løyvet. Det kan vi også gjere dersom de ikkje sender inn rekneskapsopplysningar.
Kven kan rapportere i Altinn?
For å fylle ut og sende inn skjema, må du ha ein av to tilgangspakkar frå organisasjonen du representerer. Dagleg leiar og styret har automatisk desse tilgangspakkane. Er det andre som skal rapportere på vegne av organisasjonen, så må dagleg leiar eller styreleiar gi tilgang.
Våre skjema inngår i tilgangspakkane
- Lotteri og spill
- Sport og fritid
De finn opplysningar om tilgangspakkar her (Altinn).
Dersom du har spørsmål om tilgangspakkar, kan du ta kontakt med Altinn.