Med samvirkeføretak meiner vi vanlegvis ei samanslutning som har til hovudformål å fremje dei økonomiske interessene til medlemene.

Det skjer gjennom deira deltaking i verksemda som avtakarar, leverandørar eller på liknande måtar. Det er følgjande føresetnader:

  • Avkastinga, bortsett frå ei normal forrenting av innskoten kapital, blir anten ståande i verksemda eller fordelt mellom medlemene på grunnlag av deira del av omsetninga med samanslutning.
  • Ingen av medlemmene har personlig ansvar for sammenslutninga sine forpliktelsar.

Samvirkelova

I samvirkelova er Stiftelsestilsynet gitt avgrensa mynde i samband med at medlemmer av samvirkeføretak ved vedtak om vedtektsendring, fusjon, fisjon eller omdanning til AS/ASA får større rett til attverande midlar enn fastsett i dei opprinnelege vedtektene.

For vedtak som betyr at medlemmene får krav på ein større del av midlane som står att, enn det som var fastsett i dei opprinnelege vedtektene, gjeld følgjande krav:

  • vedtaket må vere lovleg etter vedtektene og samvirkelova
  • vedtaket må gjerast av årsmøtet med i utgangspunktet fire femdels fleirtal av dei avgitte stemmene
  • vedtaket må kvile på sakleg grunn og
  • vedtaket må godkjennast av Stiftelsestilsynet
  • Stiftelsestilsynet har utover ramma av godkjenningskompetansen etter samvirkelova, ikkje ansvar for tilsyn med samvirkeføretak.

Omdanning av samvirkeforetak ved fusjon og fisjon

Vedtak om fusjon eller fisjon (samvirkelova kapittel 8 og kapittel 9) som betyr at medlemmene av eit overdragande eller overtakande føretak får krav på ein større del av dei attverande midlane ved oppløysing, krev fire femdels fleirtal av dei stemmene som er gitt på årsmøtet i vedkommande føretak. Slikt vedtak kan berre gjerast dersom det er sakleg grunn for det. Dessutan blir det kravd godkjenning frå Stiftelsestilsynet.

Omdanning ved vedtektsendring

Vedtektene for eit samvirkeføretak skal fastsetje korleis nettoformuen skal fordelast ved oppløysing av føretaket (§ 10). Med mindre anna er bestemt i vedtektene, og det er midlar i føretaket etter at gjelda er dekka, har medlemmene i føretaket rett til å få utbetalt andelsinnskota og innestående på medlemskapitalkonto jf. §135 (3). Lova sitt utgangspunkt er at nettoformuen elles skal gå til samvirkeformål eller allmennyttige formål jf. §135 (4).

Vedtektene kan fastsetje at dei attverande midlane heilt eller delvis skal gå til dei som er medlemmer på oppløysingstidspunktet, eventuelt også tidlegare medlemmer. Fordelinga av midlane må i tilfelle skje på grunnlag av deira omsetning med føretaket jf. § 135 (5). Ein slik vedtektsbestemmelse kan takast inn ved vedtektsendring jf. § 135 (6). I så fall vert det kravd at vedtektsendringa har sakleg grunn og skjer med fire femtedels fleirtal av stemmene som blei avgitt på årsmøtet. Samvirkeføretaket sine vedtekter kan fastsetje endå strengare fleirtalskrav. Dessutan må vedtektsendringa godkjennast av Stiftelsestilsynet.

Kva som kan vere ”sakleg grunn” er nærare drøfta i Ot.prp nr. 21 (2006-2007). Sjå også NOU 2002:6 og kopi av vedtak frå august 2013. Stiftelsestilsynet sin godkjenningskompetanse etter § 135 (6) gjeld ikkje andre former for vedtektsendring.

Stiftelsestilsynet har utover ramma av godkjenningskompetansen etter samvirkelova, ikkje ansvar for tilsyn med samvirkeføretak. Som eksempel på Stiftelsestilsynets praksis i slike saker, sjå kopi av vedtak frå januar 2013.

Omdanning til aksjeselskap eller allmennaksjeselskap

Dersom vedtak om omdanning betyr at medlemmene av føretaket får krav på ein større del av dei attverande midlane ved oppløysing enn det som følgjer av vedtektene, får bestemmelsen i samvirkelova § 112 tilsvarende tolking (§ 150).

Aksjeselskapet eller allmennaksjeselskapet må bli stifta ved omdanninga, og medlemmane i det omdanna samvirkeføretaket må bli aksjeeigarar i selskapet. Aksjane må fordelast i samsvar med samvirkelova § 135 (5).

Sjå tolkingsuttale til samvirkelova § 135 (6).