Stiftelsestilsynet er finansiert av brukarane gjennom ei årleg avgift frå stiftelsane. Det er også gebyr ved ny registrering.
Vi har sendt ut faktura for årleg avgift. Betalingsfristen er 15. april 2024.
Alle stiftelsar som er registrert i Stiftelseregisteret 1. januar, og som har eigenkapital på meir enn 100 000 kroner, skal betale avgift for dette året. Tal for eigenkapital blir henta frå siste årsrekneskap som er levert Rekneskapsregisteret, dvs. pr. 31. desember.
Dette gjeld óg stiftelsar der det er fatta vedtak om oppheving, men endå ikkje fatta vedtak om sletting, og stiftelsar der det er fatta vedtak om samanslåing, men endå ikkje registrert vedtak om samanslåing, med melding om sletting av overdragande stiftelse.
Det er ingen endringar i gebyr- og avgiftssatsane (sist endra 1. januar 2023). Forskrifta til stiftelseslova kan du lese her.
Klage på vedtak om årleg avgift
Du kan klage på berekningsgrunnlaget for vedtak om årleg avgift, sjå meldingsskjema om klagerett.
Gebyr ved nyregistrering blir fastsett ut frå eigenkapitalen, slik han går fram av opningsbalansen ved registrering. Heimel for årleg avgift finn du i Forskrift til stiftelsesloven §4.