Denne påstanden høyrer vi av og til i klager over vedtak. Vi har då gjerne gitt avslag til ein stiftelse i å bli oppheva (avvikla), eller til å endre formålet sitt. Vi høyrer det også som ein sjargong om at Stiftelsestilsynet har ei eiga interesse i å vere vanskeleg og kompromisslaus når det gjeld bruken av stiftelsar sine midlar.
Tal over handsama søknader viser eit heilt anna bilde. I dei aller fleste saker får stiftelsane medhald i søknadane, også om endring av formål og oppheving.
Tal mottatte søknader | Totalt tal klagesaker | Avgjerder i klageinstans | Klagar medhald i klageinstans | |
2013 | ca. 1900 | 39 | 16 | 3 |
2014 | ca. 1600 | 33 | 11 | 5 |
2015 | ca. 1700 | 43 | 17 | 6 |
2016 | ca. 1700 | 44 | 27 | 3 |
Lova har gitt opprettar eit løfte
Vi meiner det er viktig å få fram at det ikkje er for å vere vanskelege at vi av og til set foten ned, men fordi lova gir opprettarar av stiftelsar eit løfte. Det er kun ekstraordinære forhold som skal kunne føre til bruk av stiftelsens midlar til andre formål, eller medføre avvikling av stiftelsen. Stiftelsestilsynet har fått i samfunnsoppgåve å sørge for at lovgjevars løfte til opprettarane blir respektert.
Mange søknader om formålsendring eller oppheving, er grunngjevne med at midlane til stiftelsen kan brukast på ein endå betre måte enn det vedtektene tilseier. Styremedlemmane er gjerne engasjerte i andre veldedige og gode aktivitetar med stor trong for pengar. Derfor spør dei gjerne: Kvifor skal midlane i stiftelsen stå ubrukte på ein konto og «rotne» vekk? Det som blir gløymt i eit slikt resonnement er at opprettar stod fritt til å avgjere kva han/ho/dei ønskar å bruke pengane sine på, og at lovverket garanterer vern for at dette blir respektert i framtida så sant det er mogleg. Vi vil tru at denne garantien ofte er heilt avgjerande for at stiftelsar vert oppretta.
Ein stiftelse har krav på vern
Som eit sjølvstendig rettssubjekt har ein stiftelse krav på vern mot viktige endringar og oppheving. Dette gjeld sjølv om dei i og rundt stiftelsen meiner at aktiviteten eller midlane, kunne gjennomførast eller brukast endå betre av nokre andre. «Det er no berre ein stiftelse.» At stiftelsar er særleg sårbare i slike situasjonar har lovgjevar vore klar over. Nettopp derfor har Stiftelsestilsynet fått i oppgåve å passe på at det ikkje skjer endringar utan at lova opnar for det.
Det er viktig å presisere at dersom formålet faktisk ikkje er mogleg å etterleve lenger, eller det å bruke pengane på dagens formål til stiftelsen er kome i strid med kva opprettar ønska i si tid, så seier lova at endring eller oppheving kan skje.