Ikkje bruk pengespel for å gløyme

Den nye kvardagen aukar risikoen for speleproblem for mange. Fleire som følgjer problem med spel tett ventar ein vekst. Men det finst hjelp, og her er nokre gode råd.

Koronaviruset har snudd kvardagen på hovudet for dei fleste av oss. Dei heldige av oss har flytta arbeidsplassen heim, medan andre er permitterte og usikre på kva som ventar. I tillegg kjem uroa for å bli smitta som mange også kjenner på.

Ventar vekst

I slike tider treng ein å koble av, frigjere seg frå bekymringar og tenkje på noko anna. Vi veit at ein god del av oss spelar for å gløyme andre problem, og dessverre ventar fleire vekst i problemspel. Vi veit alle kor lett det er å la seg flyte av garde på mobilen etter å ha sjekka yr eller ei varsling på Facebook.

Det skumle er at den same mobilen no er eit potensielt kasino. Og kanskje får du reklame for pengespel mellom dei ferskaste oppdateringane på tal smitta og innlagde, og nye tal på kor hardt økonomien blir ramma i  Facebook- feeden når du scrollar. Då er det lett å la seg friste – men det er viktigare enn nokon gong å stå imot, eller i alle fall spele moderat.

Råd som kan hjelpe deg til å ikkje la pengespel bli di flukt frå kvardagen

  • Ikkje spel for å flykte frå kjedsomhet eller stress.
  • Er kvardagen din endra? Lag deg nye rutiner.
  • Om du kjenner på speletrang, ha ei liste med andre gjeremål.
  • Tenk gjennom alternativ til spel? Mosjon, vere saman med barna, ta opp igjen hobbyar, sjå ein TV- serie.
  • Om du spelar, sett ei grense for kor mykje du vil satse og hold den!
  • Norsk Tipping og Norsk Rikstoto, men også andre speleselskap, har funksjonar på nettsida som hjelper deg til å halde grensene dine. Bruk slike verktøy. Der er også verktøy for å ta pauser frå spel.
  • Norsk Tipping og Norsk Rikstoto, men også andre selskap, har funksjonar på nett der du kan stenge deg heilt ute frå spel i dette selskapet. Du kan også blokkere deg for muligheten til å spele ved å installere filter (programvare) på mobil eller PC som blokkerer deg frå å spele. Slike filter kan du få kostnadsfritt ved å ta kontakt med Spillavhengighet Norge eller Norsk Tipping.
  • Reduser om mulig tilgang til penger

Det finst fleire hjelpetilbod

Om du du allereie har tenkt at du kanskje spelar for mykje, eller du kanskje har hatt problem tidlegare, ikkje kvi deg på å ta kontakt med nokon som kan hjelpe. Sjølv om det er mykje som er fysisk stengt rundt oss, er det likevel mange som er klar til å hjelpe om du har spørsmål eller treng hjelp:

Her finn du ei oversikt over behandlingstilbod der du bur.