Lotteritilsynet har sendt på høyring eit forslag om å konsumprisindeksjustere omsetningsramma i lotteri som har årleg omsetning på opp til 300 millionar.

Bakgrunnen er ein fleirtalsmerknad frå familie- og kulturkomiteen, der dei bad Regjeringa justere omsetningsrammene i tråd med utviklinga i konsumprisindeksen. Grunnen er at det kan vere utfordrande å tilby levedyktige lotterikonsept med den omsetninga som er i dag.

Vi meiner at justeringa ikkje vil påverke ansvarlegheita i spela, som trekningshastigheit, tilgjengelegheit eller kor lenge det kan spelast utan pause.

Høyringsfristen er 20.05.2021. Høyringsinnspela skal sendast elektronisk til postmottak@lottstift.no. Dei kan også sendast til Lotteri- og stiftelsestilsynet, postboks 800, 6805 Førde

Her kan du lese høyringsbrevet.