Kva utfordringar og moglegheiter gir teknologien, når vi skal beskytte sårbare spelarar? Dette diskuterte vi på Arendalsuka. Sjå debatten i opptak.

Teknologien går rasande fort, men har du tenkt på at teknologi også er regulering? Vi inviterte til debatt på Arendalsuka om korleis vi best kan beskytte sårbare spelarar i framtida. Sjå debatten i opptak her.

Chris Allan Simonsen frå Trigger, Magnus Pedersen frå Spillavhengighet Norge, Kari Henriksen frå Arbeiderpartiet og Tage Pettersen frå Høgre var med på arrangementet, samt Marie Havnen, Henrik Nordal og Atle Hamar frå Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Lotteri- og stiftelsestilsynet deltok også i fleire andre arrangement.

Ny lov om pengespel- kvar går vegen vidare?

Stiftelsen Dam arrangerte seminaret «Ny lov om pengespill- hvor går veien videre?», og avdelingsdirektør i Lotteritilsynet, Henrik Nordal, var med saman med mellom andre Magnus Rydeving i Spelnykter og fleire politikarar. Sjå seminaret i opptak her.

Stiftelsane si samfunnsrolle

Stiftelsesforeningen arrangerte debatten «Svekker regjeringen stiftelsenes rolle i samfunnet?». Bakgrunnen for debatten er Næringsdepartementet sitt forslag til endringar i lova om stiftelsar. Siw Heggedal Longvastøl, avdelingsdirektør i Stiftelsestilsynet, var ein av deltakarane.
Sjå debatten i opptak her.

Korleis få til grøn omstilling? Samtalar med dei som skal gjere jobben

Sparebank1 stod bak arrangementet «Hvordan få til grønn omstilling? Samtaler med de som skal gjøre jobben». Atle Hamar, direktør i Lotteri- og stiftelsestilsynet, deltok, og snakka om korleis stiftelsar kan bidra til grøn omstilling. Sjå arrangementet i opptak her.