Den nye pengespelforskrifta skjerpar innsatsen mot speleproblem og set strengare krav til ansvarlege pengespel.
Stortinget vedtok i mars ei ny pengespellov som slår saman dei tre lovene som gjeld på området i dag. No er også ny pengespelforskrift vedtatt. Den nye forskrifta vil tre i kraft 1. januar 2023, på same tid som ny pengespellov.
Strengare krav til ansvarlege pengespel
Den nye forskrifta fastset generelle reglar som vil gjelde for alle som tilbyr pengespel, blant anna eit klart forbod mot å tilby bonus- og gratisspel, VIP-program eller andre personlege eller økonomiske grep som lokkar folk tilbake til pengespel.
Det blir også innført fleire andre tiltak for å sikre ansvarlege pengespel, blant anna registrert spel på bingo og felles reglar for marknadsføring. Det blir stilt krav om tydeleg informasjon om aldersgrense i spela og kontaktinformasjon til Hjelpelinjen. Marknadsføringa skal heller ikkje framstille pengespel som risikofritt.
– Omsynet til dei sårbare spelarane skal alltid kome først for alle som tilbyr pengespel, seier avdelingsdirektør Henrik Nordal i Lotteritilsynet.
Desse endringane bør pengespeltilbydarane sette seg inn i allereie no
Alle som tilbyr pengespel bør bruke tid på å sette seg inn i regelverket. Det gjeld både einerettsaktørane, bingoentreprenørar og andre organisasjonar som tilbyr pengespel. Dette er dei største endringane:
- Dei som tilbyr pengespel som krev løyve for å arrangere, skal gjere ei risikovurdering av pengespeltilbodet for å sikre ansvarlege og trygge pengespel. Risikovurderinga skal kartlegge behovet for risikoreduserande tiltak som er nødvendige for å forebygge, oppdage og reagere mot problematisk speleåtferd, kriminalitet og uærleg gjennomføring av pengespel.
- Det blir stilt krav om internkontroll. Tilbydarar av pengespel som krev løyve, skal etablere rutinar for å sikre at dei etterlev dei krava som følger av lov, forskrift, løyve og eventuelle spelereglar.
- Det blir også krav til registrert spel for alle pengespeltilbydarar. Kvar spelar skal vere identifisert på ein sikker måte med eit unikt kundeforhold.
- Pengespeltilbydarane skal gi tilstrekkeleg informasjon om spelereglane, inkludert informasjon om trekning og vinnarsjansar.
– Tilbydarar av pengespel bør allereie no sette seg inn i det nye regelverket. Vi vil rettleie brukarane våre undervegs og jobbar no med å ha god og oppdatert informasjon på nettsidene når det nye regelverket trår i kraft i januar.
Kva gjer dei som har tidsavgrensa lotteriløyve?
Dei som har tidsavgrensa lotteriløyve for store lotteri treng ikkje foreta seg noko no.
– Alle tidsavgrensa løyve for store lotteri og bingo som Lotteritilsynet har gitt gjeld til løyvet går ut. Ei godkjenning av ein organisasjon gitt etter lotterilova gjeld ikkje etter 31. desember 2023.
Det er også nye reglar for smålotteri med omsetning under 200 000 kroner. Frå 1. januar 2023 treng ikkje lenger frivillige lag og organisasjonar registrere eller rapportere smålotteri. Fram til ny lov trer i kraft gjeld dagens regelverk.
Les også pressemelding frå Kultur- og likestillingsdepartementet.