Appen Red Button er utvikla i Finland, der den har vist seg å vere vellukka. Det håpar vi den blir også i Norge, seier Joachim Walltin, leiar i NISO som er idrettsutøvaranes fagforbund. Internasjonal kampfiksing er utbreidd i ein del land og NISO ønskjer å forebygge/bekjempe det. – Vi må ikkje vere naive. Dette kan skje også i Norge.
Også Norges Idrettsforbund stiller seg bak den nye appen, som gir idrettsutøvarar moglegheit til å anonymt og trygt tipse om informasjon dei har om kampfiksing.
Last ned
Alle utøvarar som ønskjer det får tilgang til appen. NISO anbefalar alle sine 1100 medlemmer å laste den ned og sender ei lenke til kvar enkelt på SMS/epost.
– I tillegg treng vi hjelp frå Norges Idrettsforbund og særforbunda i den vidare distribusjonen. Det gjeld spesielt til utøvarar på lågare nivå der forsøk på kampfiksing like gjerne kan skje, seier Walltin.
Då appen blei introdusert i Finland i 2013, lasta så å seie alle profesjonelle fotballspelarar i landet den ned. Allereie første sesongen appen var i bruk, fekk NISOs finske søsterorganisasjon inn tips om forsøk på kampfiksing frå fleire spelarar. Bak desse forsøka stod det internasjonale kriminelle nettverk.
NISO ønskjer å synleggjere at idrettsutøvarar i Norge i samsvar med idrettens lovverk, har plikt og ansvar for å rapportere om dei har kjennskap til forsøk på kampfiksing. Red Button (RB) er eit effektivt og moderne verktøy utøvarar kan bruke til dette.
Lotteritilsynet har kompetanse
– I Norge er det Lotteritilsynet som har kompetanse til å forebygge og avdekke kampfiksing. Derfor er det naturleg at informasjon som kjem via appen går direkte til dei, sier Joachim Walltin.
Liknande samarbeid mellom idrettens eigne organ og styresmaktene, er gjennomført i Finland og Danmark. Arbeidet med å finne nye måtar å rapportere om kampfiksing på, blei starta etter ein stor kampfiksingsskandale i finsk fotball i 2011.
Alle som skal laste ned appen vil få eit passord som skal hindre at ordninga blir misbrukt. I Finland har det ikkje vore misbruk av denne ordninga.
Informasjon er avgjørende
– Vi støttar NISOs engasjement i kampen mot kampfiksing gjennom Red Button. Dess meir informasjon vi får frå aktive idrettsutøvarar, leiarar og andre, dess større er sjansen for at vi lukkast i arbeidet vårt. Det seier seniorrådgjevar Henrik Nordal, som sammen med Joachim Malterud, utgjer den nasjonale eininga som jobbar med kampfiksing i Lotteritilsynet.
I tillegg til den nye appen, kan norske idrettsutøvarar og andre anonymt melde frå om kampfiksing på Lotteritilsynets nettside.
Idretten har det siste året skjerpa sine eigne lover for å komme kampfiksing til livs. Nå pliktar alle å melde frå dersom dei høyrer om kampfiksing, eller om dei blir forsøkt verva til slikt juks. Du risikerer også straff om du ikkje samarbeider med idretten om å avdekke mogleg kampfiksing, men med den nye appen blir det enklare å melde frå.
At Norsk Idrettsforbund også er på bana her og gir sin støtte til NISOs arbeid er bra og gir eit tydeleg signal om at det er viktig å ta standpunkt ved å seie ifrå. Dette er eit eksempel på godt samarbeid mellom fleire aktørar, seier Nordal.