Nærings- og fiskeridepartementet har forslag til nye reglar for stiftelsar ut til opa høyring.
Det er mellom anna foreslått at det skal innførast forbod mot å drive skattepliktig næringsverksemd i stiftelsar.
Her er forslaga i høyringsnotatet:
- Det blir innført forbod mot å drive skattepliktig næringsverksemd direkte i stiftelsar
- Reint pengeutdelande stiftelsar må ha en høgare grunnkapital enn andre stiftelsar
- Stiftelsar skal rapportere sentrale rekneskapstall direkte til Stiftelsestilsynet
- Foretaksnavnet til stiftelsar skal innehalde ordet stiftelse eller forkortelsen STI
- Det blir innført krav om at meldingar til Stiftelsestilsynet skal sendast inn elektronisk
Departementet inviterer fleire stader høyringsinstansane til å komme med innspel til konkrete forslag i høyringsnotatet, som for eksempel om behov for papirbaserte søknader, og i kva utstrekning pengeutdelande legat med låg kapital skal vere unnateke frå offentleg tilsyn.
Høyringane vil inngå i arbeidet med ny stiftelseslov når denne blir lagt fram for Stortinget.
Høyringsfrist er 18. juni 2021.