Regjeringa foreslår at kompensasjonsordningane for idrett, frivilligheit og kultur blir forlenga, justert og auka.
Kompensasjonsordninga for arrangørar som har avlyst, stengt eller utsett arrangement som følgje av råd frå styresmaktene i samband med koronaviruset, blir foreslått justert. No blir det opna for å kompensere opp til 70 prosent av tapte inntekter for kiosksal, parkering, loppemarknad og basarar, melder Kulturdepartementet i ei pressemelding.
Den nye ordninga gjeld for perioden 12. mars – 15. juni, med tilbakeverkande kraft. Ramma er på ein milliard kroner.
Lotteri- og stiftelsestilsynet forvaltar denne ordninga. Vi kjem tilbake med meir informasjon når rammene er heilt klarlagt.