For å hjelpe sektoren i ein krevjande periode, kjem Regjeringa no med ei stor kompensasjonsordning for kulturlivet, idretten og frivilligheita. Lotteri- og stiftelsestilsynet skal forvalte ordninga saman med Kulturrådet.
Pakken består av ei kompensasjonsordning for kulturlivet som vil utgjere cirka 300 millionar kroner, og ei tilsvarande for idretten og frivilligheita for øvrig på cirka 600 millionar kroner. Ordninga er meint å kompensere for bortfall av inntekter frå billettsal og deltakaravgifter, samt meirutgifter som følge av at arrangement må avlysast eller utsetjast på grunn av koronaviruset.
-Det er krevjande å skulle innføre og forvalte ei ny ordning i den situasjonen vi står i, men vi vil gjere vår del av den nasjonale dugnaden. Vi ønskjer å vere med å hjelpe frivilligheita, kulturlivet og idretten, som er i ein svært krevjande situasjon på grunn av koronaviruset. Ein del av samfunnsoppdraget vårt er å sikre frivilligheita, seier Gunn Merete Paulsen, direktør i Lotteri- og stiftelsestilsynet.
Ordninga skal forvaltast av Lotteri- og stiftelsestilsynet og Kulturrådet, med den tekniske løysinga for begge ordningar i Lotteri- og stiftelsestilsynet. I første omgang skal ordninga kompensere for arrangement som skulle vore arrangert mellom 5. mars og ut april.
-Vi avventar sjølve forskrifta, men arbeidet med å få på plass den tekniske løysinga startar vi i dag, seier Paulsen.
Les meir om krisepakka til idrett, frivilligheit og kultur.