Nettstaden vil frå 1. januar 2025 bli overført frå Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) til Lotteri- og stiftelsestilsynet.
Tilskudd.no er viktig for ideelle og frivillige organisasjonar som har behov for økonomisk støtte til drift og ulike prosjekt. Nettstaden gir oversikt over omtrent 130 ulike tilskotsordningar og rundt 280 enkeltståande tilskot.
– Ved å samle alle statlege tilskotsordningar på ein plass gjer vi det enkelt for ideelle og frivillige organisasjonar å finne fram. Det gjer at dei kan bruke mindre tid på å finne tilskotsordningar og ha meir tid til aktivitet, seier Marianne Skjeldestad Hove.
Nettstaden tilbyr dessutan varsel på søknadsfristar, for å hjelpe frivilligheita til å hugse desse i ein travel kvardag.
Gir oversikt over 50 000 tilskotsmottakarar
Tilskudd.no er også eit nyttig verktøy for redaksjonelle medium, forskarar og andre interessentar, då løysinga bidreg til openheit om over 50 000 tilskotsmottakarar.
– Du kan søke og få oversikt over tilskotsmottakarar, eller finne ut kor mykje tilskot organisasjonar har mottatt i din kommune. Tilskudd.no bidreg slik til å skape openheit rundt tildelingar til ideelle og frivillige organisasjonar.
Lotteri- og stiftelsestilsynet tar over drift og utvikling frå 2025
Tilskudd.no har sidan 2019 vore eit samarbeidsprosjekt mellom DFØ og Kultur- og likestillingsdepartementet (KUD). Lotteri- og stiftelsestilsynet er den største statlege tilskotsforvaltaren for frivillige organisasjonar. Tilsynet ligg under KUD som har ansvar for å samordne den statlege frivilligpolitikken.
– Då blei det naturleg at vi tar over drifta av nettstaden.
Lotteri- og stiftelsestilsynet tok over KUD sine oppgåver i januar 2024 og har det siste året samarbeida med DFØ.
– Vi vil halde fram arbeidet med å sikre god informasjons- og datakvalitet og vidareutvikle løysinga for frivillig sektor. Vi har stor tru på at nettstaden har potensiale til å gjere kvardagen til dei frivillige enklare.