– Det er særleg kasino- og oddsspelarane vi ønsker betre beskyttelse for, seier avdelingsdirektør i Lotteritilsynet, Henrik Nordal.

Lotteritilsynet leverer årleg ein rapport til Norsk Tippings generalforsamling som vurderer korleis selskapet oppfyller krava til å vere einerettsaktør i den norske pengespelmarknaden. I tillegg ser vi på korleis selskapet lukkast med å flytte spelarar frå den ulovlege pengespelmarknaden til Norsk Tipping sine spel (kanalisering). I rapporten anbefaler Lotteritilsynet at selskapet gjer meir for at dei farlegste spela skal bli tryggare. Les rapporten her.

– Vi peiker på fleire forbetringspunkt Norsk Tipping bør gjennomføre. I tillegg anbefalar vi eit større samarbeid mellom dei to einerettsaktørene, Norsk Tipping og Norsk Rikstoto, knytta til informasjon om farene ved å spele for mykje, seier Nordal.

Forbetringstiltak

Nordal understrekar at Norsk Tipping hovudsakleg tilbyr pengespel på ein ansvarleg måte, men at det finnast forbetringspunkter for selskapet:

  • Lotteritilsynet ber Norsk Tipping kartlegge og rapportere om behovet for tal speltitlar i Kongkasino. 
  • Norsk Tipping og Norsk Rikstoto skal samarbeide om å lage likelydande og relevant informasjon om faresignal og helseskader ved overdriven speling, retta mot den enkelte spelar og pårørande.   
  • Norsk Tipping bør redusere tilgjengeligheita av Kongkasino fra innloggingssida i appen.  
  • Norsk Tipping må evaluere effekten av obligatorisk pause etter spel i ein time og kartlegge forbetringstiltak.   
  • Norsk Tipping bør redusere storleiken på jackpotgevinstar i Kongkasino for å unngå at høge premiar triggar farleg spel. 
  • Norsk Tipping må gi tilbakemelding på gjennomført evaluering av pauseverktøya. 

Lotteritilsynet synes det er svært positivt at Norsk Tipping har nedjustert tapsgrensene på Kongkasino to gonger, då analysene deira viste meir problematisk speleåtferd blant risikospelarar. 

Oversikt og fakta for spelmarknaden i 2021:
  • Norsk Tipping har ein auke i tall på nettspelarar, særleg på spel i direkte konkurranse med dei ulovlege tilbydarane. Auken er på tolv prosent i omsetning. Kasinospel, skrapespel og bingo veks med i underkant av to prosent. Ei mindre auke etter at selskapet gjorde forebyggende avhengigheitsskapande tiltak ved å senke den maksimale tapsgrensa.  
  • Sportsspel har størst auke (27 prosent) på grunn av sterk kanalisering gjennom koronapandemien.  
  • Norsk Tipping kanaliserer fleire spelarar, også gjennom 2021.  
  • Omsetninga for Norsk Tipping sine aktuelle spel aukar samtidig som omsetninga hos dei ulovlege aktørane ikkje aukar tilsvarende.  
  • Talet på spelarar hos dei ulovlege tilbydarane er stabilt eller truleg noko redusert. Omsetninga hos dei ulovlege blir estimert til å vere omtrent lik som i 2020, mellom 1,8 og 2,2 milliardar kroner.  
  • Ulovlege pengespilltilbydarar brukar mindre pengar på reklame i Noreg, men fortsatt meir enn Norsk Tipping.  
  • Den totale spelmarknaden utgjer i netto omsetning mellom 12,9 og 13,3 milliardar kroner i 2021. Dei ulovlege aktørane sin del utgjer då 15 prosent. Ser vi berre på spel i direkte konkurranse har dei ulovlege aktørane mellom 44-49 prosent og Norsk Tipping mellom 51-56 prosent.  

For å måle kanaliseringa brukar vi fleire parameter: talgrunnlag frå Norsk Tipping, resultat fra Lotteritilsynets spørreundersøkingar, estimat for den ulovlege marknaden og andre kjelder som seier noko om Norsk Tippings evne til å trekke til seg spelarar. Marknaden blir estimert blant anna frå offentlege rapportar fra ulovlege tilbydarar, GBGC og H2 Gambling Capital, Sentio og Norsk Tipping. 

Til grunn for vurderingane i rapporten ligg statistikk frå 2018-2021, Hjelpelinjestatistikk, Norsk Tippings ansvarligheitsrapport, selskapets handtering av marknadsføringsaktivitetar og Lotteritilsynets tilsyn i 2021. 

Fleire spelar hos Norsk Tipping

Lotteritilsynet måler også korleis Norsk Tipping lukkast i å hente inn nordmenn frå den ulovlege pengespelmarknaden, også kalt kanalisering. 

– Vi ser at fleire spelar hos Norsk Tipping. På same tid er det sannsynleg at dei ulovlege tilbydarane har ein liten nedgang i tal spelarar. Dette kan tyde på at Norsk Tipping lukkast i å få spelarar over i tryggare og meir ansvarlige spel, seier Nordal.

Både Norsk Tipping sitt speltilbod, resten av den regulerte marknaden og regulering påverkar korleis dei oppfyller krava som einerettsaktør.  

– Det er viktig at færrest mogleg spelar hos ulovldge aktørar, for der er det høgast risiko for å tape store summar. Å spele hos Norsk Tipping er tryggere, fordi dei har strengere ansvarligheitstiltak og absolutte tapsgrenser.

Bakgrunn for rapporten

Det er første gang rapporten blir skrive slik at den kan offentliggjerast i sin heilskap.

Rapporten for 2021 inneheld:

  • vurdering av rammeverk for ansvarleg spel
  • kommentarar til Norsk Tippings ansvarligheitsrapport
  • vurdering av oppnåing av kanaliseringsmåla til Norsk Tipping
  • berekning av storleiken på den ulovlege pengespelmarknaden
  • utvikling av ulovlige pengespel som blir tilbydd i Noreg

Dei tidligare tilsynsrapportane inneheld opplysningar om Norsk Tipping som er unntatt offentligheit og derfor sladda: